Hopp til innhold

Retten: Tiltalte visste at plantegifta sannsynlegvis ville føre til at mannen døydde

Ei kvinne (53) i Trøndelag er dømd til 12 års fengsel for drapsforsøk og bedrageri mot den dåverande mannen sin. Tiltalte visste at plantegifta høgst sannsynleg ville føre til døden, meiner tingretten.

Gift fra denne drikkeflasken

GIFT PÅ DRIKKEFLASKA: Ei av dei to flaskene som berre mannen drakk av.

Foto: POLITIET

Den tiltalte kvinna (53) fekk i dag forkynt domen i fengselet der ho sit i varetekt.

Ho nektar for å ha forgifta den dåverande ektemannen og kjem til å anke domen.

Ho er også kjent skuldig i bedrageri ved å ha tatt opp 1,1 million kroner i lån med mannen sin bank-id.

«Hun har sett fornærmedes dødskamp»

I domen viser retten til at tiltalte visste godt at hjelmplanta var svært giftig. Ho søkte mykje på nettet om giftige planter.

Kvinna visste også korleis mannen reagerte kvar gong han vart sjuk. Ho såg også korleis ambulansepersonell kjempa for å halde han i live, blir det vist til i domen.


«Retten er overbevist om at tiltalte tilførte plantegift i mat og drikke med viten og vilje og at hun forledet fornærmede til å innta plantegiften med bevissthet om at giften mest sannsynlig – og med en høy grad av sannsynlighet – ville medføre døden for fornærmede.»

Tiltalte var innforstått med at livet til mannen ikkje naudsynleg ville bli redda sjølv om han fekk medisinsk behandling, meiner retten.

«Hun har fra nært hold sett fornærmedes dødskamp,hjertestanser og de store smertene han ble påført ved hennes handlinger », står det i domen.

Det var tiltalte som ringde AMK-sentralen kvar gong. Om kvinna gjorde dette for å avverje at mannen døydde, kan ho ikkje dømast for drapsforsøk.

Men sidan mengda av gift var dødeleg, avviser tingretten at varslinga hennar kan sjåast på som eit forsøk på å hindre at han døydde:

«Retten kan ikke se at tiltalte i disse situasjonene hadde annet valg enn å kontakte AMK om ikke atferden hennes skulle fremstå påfallende.»

Klinisk død to gonger

Elleve gonger i løpet av eit knapt år vart mannen send til sjukehus etter krampeanfall og lammingar. To gonger måtte han gjenopplivast fordi hjartet stansa.

Siste gongen testa sjukehuset blod- og urinprøvene hans for nervegifta akonitin. Svara var positive.

Les også Sakkunnige: Særs sannsynleg at ektefellen vart forgifta 11 gonger

Akonitin

Akonitin er svært dødeleg- eitt milligram er nok til å ta livet av eit menneske. Gifta finst berre i hjelmslekta, mellom anna i storhjelm og tyrihjelm.

I huset hadde mannen to saftflasker som berre han drakk av. På begge to vart det funne små mengder akonitin.

Akonitin
Foto: Politiet
Plante tilhørende hjelmslekt

RESTAR AV HJELMPLANTE: Funnen i søpla etter at kvinna var pågripen.

Foto: Politiet

Det vart også funne akonitin i planterestar i søpla og i ei skål og ein glaskolbe i huset.

Skjerpande at sonen såg anfalla til faren

Den mindreårige sonen til tiltalte og den fornærma var heime alle dei elleve gongane faren vart sjuk. Sjølv om naboar skjerma guten, skriv retten at synet av forgiftingsanfalla til faren openbert var skremmande og potensielt skadeleg.

Dette er skjerpande, meiner retten.

Aktor bad om 14 års fengsel for tiltalte. Retten har landa på 11 år for drapsforsøket og viser til rettspraksis i saker det kan samanliknast med.

Kvinna er også kjent skuldig i bedrageri ved å ha tatt opp 1,1 million kroner i lån med mannen sin bank-id. For dette blir ho dømt til eitt år ekstra.

Ho må også betale oppreisingserstatning til eksmannen på 250.000 kroner og dryge 700.000 kroner til låneinstitusjonar.

Fornærma betalte sjølv tilbake omlag 450.000 kroner av gjelda som hadde samla seg opp etter bedrageriet.

Desse pengane kravde han at tiltalte erstatta.

Retten meiner fornærma var klar over at han innfridde lån som han ikkje hefta for. Innbetalingane må derfor sjåast på som ei «gåve» og ikkje eit økonomisk tap.

Elden: –God grunn til å anke domen

For to dagar sidan vart John Christian Elden oppnemnt som ny forsvarar etter ønske frå tiltalte.

– Det er god grunn til å anke domen, seier Elden til NRK fredag.

Advokat John Christian Elden
Foto: Anders Martin Helle / NRK

Han viser til om det var snakk om forgiftning ved dei tidlegare innleggingane, tiltalte sin vilje til å drepe og om ho meinte å avverge eventuell død ved å ringe ambulansen.

– Eg reknar med at heile domen blir anka, seier Elden.