Hopp til innhold

Sakkunnige: Særs sannsynleg at ektefellen vart forgifta 11 gonger

Det er svært sannsynleg at fornærma var forgifta før alle akuttinnleggingane, meiner dei sakkunnige. Den dåverande ektefellen nektar for å ha forsøkt å drepe mannen sin med plantegifta akonitin.

Akonitin

BESLAG: Akonitin funne i brunt pulver og i glaskrukker heime hos tiltalte.

Foto: Politiet

ElIeve gonger i løpet av eitt år vart fornærma i all hast frakta til sjukehus. Han vart nummen i munn og tunge, hadde lammingar i andletet, kvalme, oppkast og han svima av.

To gonger hadde han hjartestans og måtte gjenopplivast med elektrosjokk.

Les også Gifttiltalt kvinne: Tenkte ikkje at mannen kunne vere forgifta

Symptoma ved innleggingane stemmer med forgifting

Først ved siste innlegginga i mai 2020 fatta legane mistanke om at det kunne dreie seg om forgifting med akonitin og ikkje nokon feil med hjartet. Blodprøve vart tatt med tanke på akonitin og var positiv. Hjartelegen som behandla han vitna i retten måndag om eit svært dramatisk og «mystisk» sjukdomsbilete.

To sakkunnige har gått gjennom alle dei elleve innleggingane og vurdert kor sannsynleg det er at alle skuldast forgifting.

–Det er heva ut over ein kvar rimeleg tvil at akonitin var årsaka, sa Dag Jacobsen, professor i klinisk toksikologi ved Oslo universitetssjukehus i Trøndelag tingrett.

Plante tilhørende hjelmslekt

FORGIFTA: Ektemannen fekk i seg mellom 0,4 og 1,3 milligram av plantegifta akonitin like før han vart innlagd siste gongen. På biletet er hjelmplanta som vart funne i fellessøpla.

Foto: Politiet

Han viste til hjarterytmeforstyrringar og alle dei andre symptoma pasienten hadde.

– Dette er typisk for akonitinforgftningar, slo Jacbsen fast.

Han sa at fornærma hadde eit sterkt hjarte. Dette redda han, saman med framifrå innsats frå akuttmedisinsk på St. Olav. dersom ikkje, hadde mannen døydd, meinte Jacobsen.

Han opplyste at dei sakkunnige har vurdert andre forklaringar, som til dømes eventuelle arvelege sjukdomar som påverka hjartet. Dei fann ingen teikn til slikt.

Livstrugande forgifting ved 1 milligram akonitin

Ektemannen fekk i seg mellom 0,4 og 1,3 milligram av plantegifta akonitin like før han vart innlagt siste gongen. Det viser analysar som er gjort ved avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olav.

Livstrugande forgifting kan skje ved så lite som 1 milligram.

I huset vart det funne spor av akonitin i to saftflasker, eit brunt pulver og i to glaskrukker med væske og planterestar. Gjenstandane stod i glaskarmar og i kjøkenskap.

Gifta vart også funne i to sprøyter i søppelpose utandørs.

Dei to saftflaskene, som berre ektemannen brukte, inneheldt henholdsvis 0,66 milligram og 0,33 milligram akonitin.

Å drikke 1,5 -3 liter av den eine flaska eller 3 til 6 liter av den andre, ville vere ei dødeleg mengde.

Det opplyste Arne Helland, sakkunnig og overlege ved avdeling for klinisk farmakologi ved St Olavs hospital.

Han understreka at det ikkje er klart om safta var konsentrat eller ferdig utblanda då den vart undersøkt av farmakologane.

Les også Tiltalte vart også dårleg: Same gift funne i blodet hennar etter at ho kom ut frå varetekt

Skriv lagt fram i plantegift-rettsaken

Den fornærma har forklart at han drakk mykje saft. Han blanda den ut med mykje vatn berre for å få litt smak, har han sagt.

Ifølgje han sjølv rørte han aldri det brune pulveret eller væska i glaskrukkene der det også vart funne akonitin.

Materialet i dei to sprøytene som sonen brukte på grunn av sjukdom, var størkna. Derfor var det umogeleg å finne ut eventuell dødeleg mengde.

Gifta går fort ut av kroppen ved livreddande hjartebehandling

Akonitinforgftning er ikkje vanleg, opplyste overlege Trond Aamo, ved avdeling for klinisk farmakologi St Olavs hospital. Det finst inga motgift, berre livreddande hjartebehandling og respirator.

Han samanlikna akonitin med dei sterkaste slange-og edderkoppgiftene.

Prøver frå menneske som har vorte forgifta, viser at halveringstida er tre til seks timar. Andre rapportar opererer med 18 timar før verknaden av gifta er det halve, opplyste Aamo.

Tek ein gifta gjennom mat eller drikke og ikkje med sprøyte i blodåra, blir konsentrasjonen i kroppen lågare.

Eksmannen vart utskriven frå sjukehuset siste gongen i juni 2020.

Forsvarar gjekk grundig gjennom journalen

I september bad politiet om at det skulle takast prøve av håret hans. Hår veks om lag ein centimeter i månaden. Derfor kan ein ved hårstrå fastslå gift fleire månader tilbake.

Prøven viste spor av akonitin frå dei ytterste håra som tilsvarte perioden mellom mai og juli.

Forsvarar John Berg gjekk nøye gjennom journalen til fornærma. Han har hatt nyresvikt i meir enn ti år, og tek medisinar. Berg lurte på om symptoma då kunne forklare tilstanden til fornærma før og under forgiftinga.

Dei sakkunnige meiner alle symptoma samla sett peikar mot akonitin.

Professor Dag Jacobsen viste også til at legane lurte på om fornærma kunne vere soppforgifta då han var innlagd med nyresvikt for mange år sidan.

Fornærma nemnde saftflaskene ved besøk i huset

Det meste av beslaga gjorde politiet då tiltalte vart pågripen. Ei vekes tid seinare kontakta fornærma politiet og ba om å få hente ut klede frå huset.

Det hadde vore avsperra etter at kriminalteknikarane var ferdig.

Politet opna huset og var med inn. Der spurte dei fornærma om han hadde eigne flasker som berre han brukte. Mannen nemnde då dei to saftflaskene som stod i eit skap.

Etterforskningsleiaren var sjølv med og vitna i retten tysdag om flaskene.

Det vart bestemt at flaskene skulle sendast til analyse. Der vart det funne akonitin.