Hopp til innhold

Tiltalt for drapsforsøk på sin dåverande ektemann – aktor ber om 14 års fengsel

– Tiltalte gav mannen dødelege giftdoser. Dette er forsøk på drap, sjølv om motivet er ukjent, sa aktor i tingretten måndag.

Plante tilhørende hjelmslekt

GIFTPLANTE I SØPLA. Restar av hjelmplante.

Foto: Politiet

Den 53 år gamle kvinna er tiltalt for drapsforsøk på den dåverande ektemannen sin. Ved den ellevte og siste innlegginga vart plantegifta akonitin funne i blodet og urinen hans.

Dei medisinsk sakkunnige meiner det er svært sannsynleg at mannen var forgifta alle gongane han vart innlagd.

Skulda naboen for å ha hatt gift på flaska til fornærma

Tiltalte vart pågripen i slutten av mai 2020. Då hadde politiet funne spor av plantegifta akonitin på fleire gjenstandar i huset.

I ein periode i varetekt mistenkte ho også ein nabo for å ha hatt gifta på drikkeflaskene til fornærma.

Det datt ut av meg i frustrasjon i dei lange avhøyra hos politiet, sa kvinna då ho forklarte seg i rettssaka førre veke.

Naboen reagerte sterkt på skuldingane. Paret flytta til kommunen der naboen budde først etter at fornærma hadde byrja å bli dårleg.

Eg synest det er bra fantastisk at eg skulle ha forgifta ein mann som eg ikkje visste eksisterte før dei flytta hit, sa naboen i retten.

Ho var ofte på besøk hos ekteparet etter at dei vart naboar. Nokre gonger også når fornærma byrja å bli sjuk.

Naboen trudde det kanskje kunne vere epilepsianfall, men fekk det ikkje heilt til å stemme.

Ho vart skaka då ho fekk vete at kvinna var arrestert og at akonitin vart funne i huset.

Les også Nervegift funne på drikkeflaskene til ektemannen

Gift fra denne drikkeflasken

Rettspsykiater: Inga diagnose

Lenge meinte tiltalte at det var mannen som hadde forgifta seg sjølv for å få merksemd frå henne.

Tiltalte har tidlegare vore sikta for å ha forgifta sonen sin, men saka vart lagt bort på grunn av mangel på bevis.

Sakkunnig Solveig Klæbo Reitan nemnde i retten tilstanden der personar kan lide av Münchhausen by proxy.

Traume eller personlegdomsforstyrringar kan utløyse handlingar der ein skader nære personar og så framstå som omsorgsfulle sjølv.

Men dei rettspsykiatrisk sakkunnige har ikkje kome fram til noka diagnose for tiltalte, opplyste Klæbo Reitan.

Etter at St. Olavs hospital fann akonitin i fornærma i mai 2020 og redda han, har eksmannen til tiltalte ikkje vorte akutt sjuk.

– Eit for utruleg samantreff

Forsvararane meiner ein tidlegare nyresvikt og leverskade kan forklare at fornærma vart sjuk i periodar.

Påtalemakta meiner retten kan sjå bort frå dette:

– Det er ein krystallklar konklusjon frå dei sakkunnige at det var snakk om akonitinforgitfning alle elleve gongane.

Det sa aktor, Eli Reberg Nessimo, i prosedyren måndag.

Tiltalte har delvis forklart seg ulikt til politiet og i retten om kva ho visste om gifta ho hadde heime.

I første avhøyret sa ho at ho trudde ikkje ho hadde giftige planter heime. Like før pågripinga kasta ho planta i søpla, noko ho ikkje fortalde politiet.

Nettsøka som tiltalte gjorde på giftige planter var omfattande i tida rundt sjukehusinnleggingane til ektemannen.

Les også Sakkunnige: Særs sannsynleg at ektefellen vart forgifta 11 gonger

Akonitin

Aktor sa det er «påfallande» at tiltalte ikkje delte giftkunnskapen sin med legane dersom ho meinte det kunne kaste lys over kva som feilte mannen.

– Det er eit for utruleg samantreff at tiltalte las så mykje om giftstoffet lenge før legane fann ut kva som feilte fornærma, sa aktor.

Motivet for drapsforsøka er uklare, meiner aktor. Tiltalte har forklart at helsesituasjoinen til mannen var krevjande. Av og til tenkte ho på å skilje seg, men slo det frå seg.

Eit økonomisk motiv kan også vere tilfelle, meinte aktor:

Reberg Nessimo viste til at forgiftningane byrja i 2019, tre år etter låneopptaka starta. Då hadde kreditorane byrja å purre på nedbetalingar.

Må også dømast for bedrageri

Aktor meiner det ikkje er tvil om at det er tiltalte som har tatt opp låna på nesten 1,2 millionar kroner i namnet til mannen sin. Låneopptaka i kredittselskap og bankar er gjort med mannen sin Bank-id.

Fleire nye lån vart tatt opp for å betale dei gamle. Kredittkort frå selskapa vart også nytta til mange innkjøp.

På sjølvmeldinga til mannen vart lån fjerna og skulle overførast til kona. Det siste skjedde ikkje. Slik kunne det søkast om nye lån i namnet hans.

Fornærma nektar for å ha visst noko om kva som gjekk føre seg. Han har forklart at han ikkje har særleg datakompetanse.

Tiltalte nektar også for å ha noko med dette å gjere.

Bedrageriet aleine ville gitt rundt eitt års fengsel, meiner aktor.

Reberg Nessimo meiner drapsforsøka med gift var planlagde frå tiltalte si side og la ned påstand om 14 års fengsel.

Forsvarer: – Legar har ikkje alltid rett

Forsvarer John Berg meiner retten må vere sikker på at innleggingane skuldast forgiftning:
–Dersom det kan liggje føre ei anna årsak til at fornærma vart så sjuk, så skal tiltalte frifinnast. Legar har ikkje alltid rett, sa Berg i prosedyren sin.

Fornærma hadde fleire alvorlege lidingar som kan vere forklaringa. Han fekk ein nyre- og leversvikt for ti år sidan. Seinare fekk han diagnosen epilepsi og tok medisin for det.
At han ikkje har anfall i dag, kan ikkje utelukke epilepsi, meinte forsvarer.

Forsvarer sa at dei sakkunnige kan ta feil når dei er så sikre på at forgifting også var forklaringa på dei 10 andre innleggingane.

Berre ved siste innlegginga viste blod -og urinprøva akonitin. Dei tidlegare blodprøvene er kasta, slik det er vanleg på sjukehus.

Bitter smak av akonitin

Akonitin har ein bitter smak. Fornærma blanda berre litt saft i vatnet på drikkeflaskene sine. Forsvarer meiner mannen ville ha merka smaken dersom det var gift på flaskene stadig vekk.

Mannen til tiltalte hadde heller ikkje hjarterytmeforstyrringar alle gongane han vart innlagd. Det taler også imot at det var forgiftning, meinte forsvarer.

–At tiltalte hadde ei hjelmplante og søkte på mange planter, også giftige, er ikkje noko bevis på at ho har freista å ta livet av mannen sin, sa Berg.

Medforsvarer : Mannen har vore klar over låneopptaka.

Ekteparet hadde felles økonomi. Dei reiste på ferietur i lag og fornærma burde ha skjønt at pengane kom frå ein stad, påpeika medforsvarer Håkon Malm.

Han stilte også spørsmål ved korleis mannen kunne vere uvetande om låna som kom på den ferdigutfylte sjølvmeldinga hans.

Malm meiner politiet ikkje har undersøkt godt nok om signeringane skjedde med kodebrikke eller elektronisk bank-id og kva datamaskiner som er brukte.

Politiet har heller ikkje undersøkt om fornærma fekk tilsendt pinkode i posten for kredittkorta som stod på namnet hans.

–Dette er «bokettersyn light» frå politiet si side, sa Malm i prosedyren sin måndag.

Påtalemakta meiner derimot at tiltalte har hatt full kontroll med mannen sine kredittkort, konti, brev, mobiltelefon, purringar,inkasso og bank-id og overført lånepengar også til han.

Forsvarane la ned påstand om full frifinning av tiltalte.