Rekord-Ragde mot nye høgder

Ingen annan norsk forfattar har selt så mange bøker, på så kort tid, som Anne B. Ragde.

Anne B. Ragde, Berlinerpoplene
Foto: Tine Nilsen / NRK

 "Berlinerpoplene" går for fulle hus på Trøndelag Teater og innspillinga av TV-serien er i full gang, likevel er det bøkene som sel best for tida.

- Det tek jo ingen ende, dette. Eg må klype meg i armen innimellom og eg begynner å bli temmeleg blå der etterkvart, seier Anne B. Ragde til Dagbladet.

Rekord sal

Dei to bøkene om grisebonden Tor frå Byneset i Trondheim, "Berlinerpoplene" og "Eremittkrepsene" går unna som varmt kveitebrød. Over 500 000 bøker er selt, og ingen forfattar har tidlegare greidd å selje så mange bøker, på så kort tid. 

- Det er heilt spesielt at bøkene held fram å selje i innbunden utgåve lenge etter at dei blei gitt ut, seier marknadssjef Elisabeth Steen i Forlaget Oktober til Dagbladet.

Ingen oppfølgar

Familiesagaen om grisebonden Tor og brødrene hans Margido og Erlend toppar også lista over dei mest utlånte bøkene på biblioteka i Noreg.

Mange har sendt mail til Anne B. Ragde for å høyre om det kjem ei tredje bok om familietilhøva på Neshov gård, men Ragde held fast på det ho har sagt heile tida, nemleg at det ikkje er nokre planar om ein oppfølgar.

Heller ikkje forlaget har fått napp på sine diskre ønske om ei ny bok.

- Det er nyttelaust. Eg har kanskje mumla noko om det i ein bisetning, men eg veit det ikkje nyttar, seier Steen til avisa.

Eremittkrepsene:  160 000 eksemplar i bokhandelen
Berlinerpoplene:   250 000 eksemplar i bokhandelen

I tillegg melder bokklubbane om eit sal på rundt 100 000 eksemplar.