Hopp til innhold

Regjeringa vil droppe fotoboksar – livsfarleg meiner ekspertar

Fotoboksar som måler gjennomsnittsfart reddar liv. Likevel vil Solberg-regjeringa minke bruken – og heller vurdere tiltak dersom det skjer alvorlege ulukker.

Strekningsmåling i trafikken

HØG FART: Dersom ein skal setje opp fotoboks med snittmåling på nye vegar må det vere måla høg fart og registrert alvorlege ulukker.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Vi klarer ikkje å forstå at politikarane vil avgrense eit tiltak som har så stor effekt på dødsulukker.

Bård Morten Johansen er seniorrådgjevar i Trygg Trafikk. Han reagerer kraftig på at regjeringa vil minke bruken fotoboksar som reknar snittfarten til folk, trass i at desse gjer trafikken tryggare.

Undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt viser nemleg at tal på drepne og hardt skadde blir halvert der det er snittmåling.

– Dette er livsfarleg politikk, seier Johansen.

Må skje alvorlege ulukker først

Regjeringa si avgjersle har allereie starta å påverke trafikken.

Regjeringa har nemleg valt å droppe gjennomsnittleg fartsmåling i Ryfast-prosjektet i Rogaland. Her skulle det i utgangspunktet vere snittmåling i to tunnelar, blant anna for å redusere risikoen for brann.

– Vi bygger betre vegar og det sparar liv, seier samferdsleminister Jon Georg Dale.

Jon Georg Dale

VIL REDUSERE: Samferdsleministeren vil understreke at dei ikkje skal fjerne alt av fotoboksar. Målet er å redusere bruken, slik at det berre blir installert dersom det er behov.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det fungerer nemleg slik at nye vegar i utgangspunktet skal vere trygge nok. Dersom ein skal setje opp fotoboks med snittmåling på nye vegar må det vere måla høg fart og registrert alvorlege ulukker.

– Det er ingen grunn til å vente med å setje opp snittmåling på nye vegar. Dette handlar om føre var-prinsippet. Vi må førebyggje der det er stort potensial for ulukker, seier Johansen i Trygg Trafikk.

Halverer talet på drepne

Transportøkonomisk institutt (TØI) har evaluert korleis snittmålingane i Norge påverkar trafikken. Talet på drepne går ned med om lag 50 prosent der det er snittmåling. Færre blir også skada.

– Nye vegar har kanskje færre drepne og hardt skada, men det hadde vore endå sikrare med snittmåling.

Ryfylketunnelen

RYFAST-PROSJEKTET: Her skulle det i utgangspunktet vere snittmåling i to tunnelar, blant anna for å redusere risikoen for brann. Dette blir no droppa.

Foto: Magnus Stokka

Det seier Alena Høye på avdelinga for sikkerheit ved TØI. I tillegg slår Statens vegvesen fast at automatisk kontroll av fart har ein effekt på sikkerheita i trafikken. Høg fart er nemleg ein årsak som dominerer i statistikken over dødsulukker.

– Strekningsmåling skremmer folk frå å køyre veldig fort. Det er for eksempel nesten ingen som køyrer mykje over fartsgrensa lenger, seier Høye.

Skal brukast på farlege strekningar

Samferdsleministeren vil understreke at dei ikkje skal fjerne alt av fotoboksar. Målet er å redusere bruken, slik at det berre blir installert dersom det er behov.

– I tunnelar med høg fart kan det vere aktuelt med snittmåling. Også på plassar kor det er vanskeleg for politiet å gjennomføre kontrollar. På nye strekningar må ein vurdere tiltaket dersom det blir registrert høg fart eller ulukker, seier Dale.

Johansen i Trygg Trafikk seier dei har sendt eit brev til samfedsleministeren, der dei vil ha svar på korleis avgrensinga vil fungere.

– Norge har eit tøft mål om null drepte i trafikken. Fart er ein faktor i halvparten av dødsulukkene, og då er gjennomsnittsmåling eit veldig effektivt tiltakt. Vi veit at det funka, og då må vi bruke det.

Fartskontroll tunnel

UNDERSJØISK TUNNEL: I tunnelar kor folk køyrer veldig fort kan det ifølgje samferdsleministeren vere aktuelt med snittmåling.

Foto: Jøte Toftaker / NRK