Hopp til innhold

Bygger ny fotballstadion til 80 millionar

Trass i at Ranheim har stått for den svakaste sesongstarten sidan laget spelte seg opp i 1. divisjon, la dei i dag fram planane for ny tribune og auka fotballsatsing i Trondheim.

Rune Venås, Ranheim I.L.

Styreleiar Rune Venås i Ranheim I.L. Fotball la i dag fram planane for stadionutbygging på Ranheim.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Ein milepæl og ein flott dag for Ranheim, sa styreleiar Rune Venås da han presenterte planane om det nye stadionanlegget på Ranheim i dag.

Totalkostnaden er 80 millionar kroner

Byggestart blir no i juni, og anlegget skal vere klart til seriestarten neste år.

Nytribunen vil få ein tilskodarkapasitet på 1500 sitteplassar under tak. I tillegg vil dagens provisoriske tribune bli flytta til vestsida av banen og gje stadion ein mogleg kapasitet på 3000, som er kravet i Eliteserien.

Nye Ranheim fotballstadion

Slik ser det nye tribuneanlegget på Ranheim ut, på papiret.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Vi har levd på dispensasjon frå fotballforbundet, seier Venås. Med den nye stadion på plass våren 2016 vil denne tida vere over.

Framleis vanskeleg økonomi

Ranheim har hatt store utfordringar økonomisk og klubben er framleis i ein krevjande situasjon økonomisk.

Mens Rosenborg og Levanger denne veka kvitterte ut som klubbar med god økonomi, er Ranheim enno der at klubben er plassert i det som er nemnd som gul sone økonomisk av fotballforbundet.

Det betyr at klubben opprettheld klubblisensen sin utan spesielle tiltak, men at klubben har ein økonomi som ikkje er god, og at det er utfordringar som må løysast.

Men det nye tribunebygget kan vere med og skape verdiar.

Klubben får ein auka eigenkapital gjennom verdiane som no ligg i utviklinga av det nye tribuneprosjektet. Dette vil også på kort sikt betre pengetilgangen og på lang sikt vil det styrke soliditeten til klubben.

Den nye tribunen vil innehalde eit treningssenter, eit tannlegekontor og skal fylkeskommunen leige lokale til bibliotek der.

Ranheim fotballklubb i dag frem sine planer for et nytt tribuneanlegg. Prislappen er på 80 millioner kroner.

Ranheim I.L. la i dag fram planar for eit nytt tribuneanlegg. Prislappen er på 80 millionar kroner. Her dagens enkle tribune som skal flyttast til andre sida av bana.