Hopp til innhold

Råare vald i skulane

Valden i Trondheimsskulane blir stadig hardare. Onsdag blei ein 14 år gamal gut banka på Sunnland ungdomsskole.

Sunnland Skole
Foto: Anne-Heidi Røstad / NRK

- Vi opplever fleire slike tilfelle. Ofte har hatt problem på skular med hærverk og ruteknusing på nattestid. I den seinare tida har vi sett at ein del av desse problema også eksponerer seg i skulegarden, seier regionsjef i Securitas, Terje Marriot, til NRK Trøndelag.

Banka i skulegarden

Midt i skuletida onsdag denne veka blei ein 14 år gamal elev ved Sunnland ungdomsskole i Trondheim oppsøkt og banka av ein gjeng elevar frå andre skular.

14-åringen skal ikkje ha kjent gjerningsmennene personleg. Han blei tatt med ut i skulegarden der ein av dei åtte i ungdomsgjengen gjekk laus på han med slag og spark. Dei hevda at 14-åringen hadde uttalt seg nedlatande om kjærasten til ein av gjerningsmennene.

Råare ungdomsmiljø

Politiet etterforskar no det som skjedde på Sunnland ungdomsskole. Dei sit med eit klart inntrykk av at det har vore ei negativ utvikling i ungdomsmiljøa i Trondheim dei siste åra.

- Vi har folk som har jobba i mange år med førebyggande aktivitet og dei ser heilt klart at det har blitt eit langt tøffare ungdomsmiljø i byen dei siste åra, seier Hallgeir Stokken, som er seksjonsleiar ved Sentrum politistasjon. 

Securitas støttar politiet i konklusjonane. 

- Vi sit med eit klart inntrykk av valden i skulane har blitt råare, seier Terje Marriot i Securitas.