– Ved å pusse opp rommet og for så vidt gjere det til eit nytt rom, så ønsker ein å bidra til tryggleik på legekontoret.
Det seier kommunalsjef for oppvekst og velferd i Frosta kommune, Elisabeth Erle.
– Vi ønsker å ta ned risikoen for at ein har gamle minner og opplevingar som blir bringa opp.
Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for valdtekt mot 39 kvinner. Totalt har 159 kvinner status som fornærma og er kjent att på videomaterialet til legen.
No håper kommunen det nyoppussa legekontoret kan bidra til at det følast trygt å gå til legen.
Pussa opp legekontoret
Det er særleg rommet for gynekologisk undersøking som er pussa opp på legekontoret.
Veggane har fått ein ny farge, det er ommøblert og ei dør er stengt av slik at det berre er ei dør inn til rommet.
– Og så har vi gjort kanskje det aller viktigaste, som er at vi har skifta ut GU-stolen, legg Erle til.
GU-stol er ein stol pasienten sit i for gynekologisk undersøking. I den gamle stolen blei knehasane til pasientane låst i stolen, medan den nye stolen set pasienten fotblada oppi.
– Dermed har ein meir kontroll over eigen kropp, forklarar Erle.
Men det er likevel ein risiko for at pasientar vel å ikkje kome til legetimen sin.
– For å ta ned den risikoen ønsker vi å gjere denne oppussinga for å få rommet til å vere nytt med blanke ark.
Så lenge politiet etterforskar saka vil ikkje Frosta kommune la NRK sjå eller vise det nyoppussa rommet.
– Argumentet for det er å skjerme pasientane, legg Erle til.
Ei lita brikke i det store puslespelet
Å pusse opp legekontoret er eit av fleire tiltak Frosta kommune har sett i gang.
– Det er ei lita brikke av det store puslespelet som skal bidra til tryggleik i samfunnet, legg Erle til.
I tillegg har kommunen oppretta fleire samtaletilbod av ulik art og dei jobbar kvar dag med at det skal vere trygt å gå til legen for alle innbyggjarane i kommunen.
– Tilsette på legekontoret jobbar kvar dag for at legekontoret er trygt i dag og skal vere trygt framover for pasientane, seier Erle.
Ho seier pasientane opplev det som eit godt tiltak som blir lagt merke til. Det opplev også Tove Stene Dybvad, som bur i Frosta kommune.
– Det er mange som har det tøft no, men det at dei pussar opp er jo kjempefint. Eg blei ikkje råka, men tankane mine går til dei som blei det.
Sakkunnige skal sjå på videomateriell
I politiet si etterforsking ser dei gjennom videoane og skriv rapportar frå det dei ser.
– Så blir det opp til retten etter kvart om dei vil forhalde seg til rapportane, spele av videoane eller gjere begge deler. Videoane kan vere lange, medan rapportane er meir konkrete.
Det seier etterforskingsleiar Eivind Guldseth i Trøndelag politidistrikt.
I tillegg skal sakkunnige vurdere videomaterialet.
– Vi vil vere sikre på kva som er innanfor legegjerninga, innanfor det som er å betrakte som ei gynekologisk undersøking, eller om det er utanfor, seier Guldseth.
Politiet har skrive rapportar i heile haust og håpa fyrst på å bli ferdige til jul. No håper dei å vere ferdige med etterforskinga og ta ut tiltale før sommaren.
– Vi håpa å vere ferdig med det meste fram til jul, der kom vi ikkje i mål. Vi har igjen ein del knytt til dei sakkunnige. Saka kjem opp til same tidspunkt uansett om vi var ferdige til jul eller ikkje.