Frosta treng hjelp for å takle etterverknadene av den omfattande overgrepssaka.
Helseundersøkingar dei siste ti åra viser eit stort forbruk av roande middel, særleg blant unge kvinner. Dette bekymrar kommuneleiinga.
Nyleg var dei i møte med helseministeren, for å orientere om situasjonen.
Lovar å hjelpe
– Det er viktig for meg å lytte og vise at vi skal stille opp for frostingane i denne vanskelege tida.
Det seier helseminister Ingvild Kjerkol til NRK.
Kommunen skal løfte folkehelsearbeidet, med mål om å betre den psykiske helsa til innbyggjarane.
– Denne saka råkar mange i bygda vår. Det er krevjande og vanskeleg å stå i for dei som er ramma og familiane deira.
Det seier ordførar Frode Revhaug på Frosta.
No ønskjer dei å finne ut om bruken av roande middel har samanheng med saka mot kommuneoverlegen, og har bede helseministeren om hjelp.
Mange ramma
Kommuneoverlegen vart suspendert frå stillinga sommaren 2022, mistenkt for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg seksuell omgang.
Sidan har saka vakse i omfang.
6000 timar med skjulte videoopptak frå gynekologiske undersøkingar i perioden 2016–2021 er gått gjennom av politiet, og 220 kvinner er fornærma i saka.
Han er sikta for 39 tilfelle av valdtekt.
Den tidlegare kommuneoverlegen nektar for å ha gjort noko gale.
– Vi bruker mykje tid og prøver å gi helsehjelp så godt vi klarer. Vi er ein liten kommune, og har ikkje stor nok stab til å handtere ei så omfattande sak, seier Revhaug.
– Arbeidet til politiet trekkjer ut i tid, noko som er krevjande for dei som står nærast.
Kommunen samarbeider tett med Statsforvaltaren, som to gonger tidlegare har bidrege med ekstra økonomisk støtte i denne saka. Kommunen har så langt fått skjønnsmidlar på godt og vel 5 millionar kroner.
– Krevjande situasjon
No har dei behov for å styrke kapasiteten ytterlegare.
Det var bakgrunnen for at ordførar Frode Revhaug, ifølgje med kommunedirektør Endre Skjervø og kommunalsjef for velferd og oppvekst Elisabeth Erle, nyleg møtte helseministeren.
Tre representantar frå Statsforvaltaren i Trøndelag deltok også på møtet i departementet.
– Frostasamfunnet står i ein krevjande situasjon. Saka er ikkje ferdig etterforska, så eg vil ikkje gå inn i ho, men omfanget og talet på offer gjer dette svært krevjande for ein liten kommune, seier Kjerkol som lovar å stille opp for kommunen.
– Møtet gav også høve for meg til å orientere om saker vi jobbar med i regjeringa som kan vere til hjelp og nytte for Frosta kommune. Eg kjem til å halde kontakten med ordføraren og kommunen.
– Seier meir om legepraksis
At unge kvinner på Frosta har eit høgt forbruk av sovemedisin og roande middel blir også stadfesta i HUNT4-undersøkinga.
Den fann stad i perioden 2017-2019.
– Når det gjeld bruk av medisin mot angst og depresjon så utmerker Frosta seg med at det er størst anbefaling av slik medisin både for menn og kvinner.
Det seier Steinar Krokstad, psykiater og professor ved HUNT forskningssenter.
– I gjennomsnitt så rapporterer ikkje befolkninga på Frosta å ha dårlegare psykisk helse enn andre kommunar i nord-Trøndelag.
– Så dette seier meir om legepraksis enn om faktisk sjukdom i befolkninga?
– Ja, data frå HUNT tyder på at dette seier meir om legepraksis enn om reell psykisk helse i befolkninga.
– Urovekkjande
Krokstad meiner det er viktig å overvake bruken av spesielle medisinar som ligg langt over anerkjend legepraksis.
– Viss ein kommune ligg høgt over gjennomsnittet i bruk av medikament som gjer ein avhengig er det all grunn til å rope varsko.
– Kva kan det bety for dei som får denne typen medikament i ung alder?
– Det er jo uheldig. Vi har sett ein auke i psykiske plager hos unge dei siste ti åra, men slike medisinar løyser ikkje problema. Du oppnår ei symptomendring, men grunnproblema blir ikkje løyste, seier Krokstad.
– Tek tid å omarbeide
I bygdemiljøet er det framleis vanskeleg å snakke om overgrepssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen.
– Mange er ramma, og har opplevd vanskelege ting som det tek tid å omarbeide. Det har jo gått føre seg over så lang tid.
Det seier Anne Jørstad Stenhaug.
– Det vil vere rart om det ikkje har hatt nokon påverknad. Det er nok mange som slit med psykisk uhelse. Han var jo fastlegen til mange av oss.
Ordførar Frode Revhaug seier dei ikkje kan fastslå at det er ein samanheng.
– Dette er noko av det vi no vil prøve å finne ut. Dette vil vi bruke tid på framover.
Kommunen vil no setje i gang fleire tiltak for å betre den psykiske helsa i befolkninga, med mål om å få ned bruken av sovemedisin og roande middel.
– Helseministeren har forståing for at kommunen treng ekstra ressursar, og det er vi glade for, seier Revhaug.