Hopp til innhold

Kompisen omkom i ulukka: Ber om halvtanna år i fengsel for sjåføren

Mannen som er tiltalt for aktlaust bildrap på Otterøya, bør dømast til eit år og seks månader i fengsel, meiner aktor. Tre andre ungdomar må også dømast for medverknad til promillekjøring.

Dødsulykke, Otterøya

RETTSSAKA PÅGÅR: Ulukkesbilen hamna utanfor vegen på Otterøya. 19 år gamle Nichlas Hansen Teigmo omkom.

Foto: Kjetil Langeng

Den hovudtiltalte etter dødsulukka på Otterøya i fjor sommar, erkjente straffskuld for aktlaust drap då rettssaka starta tidlegare denne veka.

Han erkjente også å ha køyrt bil med ei promille på 1,72.

Les også 19-åring døde, nå står kompisene tiltalt: – Tungt å sitte her nå

Det står lys og blomster i veikanten hvor bilen med fem unge menn kjørte i grøfta. En person døde i ulykken.

Tre andre unge menn i alderen 18 til 25 år er tiltalte for medverknad. Ein av dei er også tiltalt for promillekøyring.

Han har erkjent straffskuld. Det har ikkje dei to andre.

Det var den omkomne Nichlas Hansen Teigmo som eigde bilen som hamna ned ei skråning mot ei hytte på Otterøya.

Også han skal ha køyrt bilen før ulukka skjedde.

Minnesmerket på Otterøya

Minnesmerket på Otterøya.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Mange Snapchat-videoar viste i retten

I retten torsdag fekk retten sjå fleire Snapchat -videoar som nokre av tiltalte la ut i løpet av kvelden.

Her ser vi ein glad gutegjeng som kosar seg både i båt og i bil den fine junikvelden i fjor.

Før ulukka drog dei også med båt til ein pub ved Faksdal brygge på Jøa.

Det er openbert at stemninga er høg og at det blir drukke alkohol.

Tilbake på Otterøya køyrde ungdomane på ein åker like nedanfor der den hovudtiltalte budde.

Dødsulykke, Otterøya

To luftambulansar vart sende til staden etter ulukka i juni i fjor.

Foto: Kjetil Langeng

Videoane viser at fleire av dei tiltalte delvis heng utanfor bilen i fart, sit på biltaket eller står i den opne takluka.

På jordet skal bilen ha køyrt over eit kumlokk med høgre bakhjul. Ein smell som truleg stammar frå dette, høyrest på ein av videoane.

Det var den seinare omkomne som køyrde bilen på dette tidspunktet.

Greidde ikkje å ta svingen i høg fart

Dryge 20 minutt seinare skjedde ulukka då bilen igjen køyrde på vegen. Då sat den drapstiltalte 20-åringen bak rattet.

Bilen fekk ein skrens i ein sving, køyrde av vegen og trefte ein bergknaus.

– Høg fart og høg promille, gjorde at tiltalte ikkje greidde å rette opp skrensen, sa aktor, politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen, i prosedyren torsdag.

Politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen

Aktor bad om halvtanna års fengsel for den hovudtiltalte i saka.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Farten og promillen er skjerpande for straffa. I formildande retning har tiltalte erkjent køyringa sjølv om han hugsar lite.

I tillegg til fengsel i eit år og seks månader bør hovudtiltalte dømast til ei bot på 45 000 kroner, meiner aktor.

Må dømast for medverknad

Aktor sa det ikkje er bevist at det vart drukke serleg med alkohol etter at dei tiltalte kom tilbake frå Jøa.

Men han meiner dei to som er tiltalte for promillekøyring burde ha skjønt at dei ikkje skulle ha køyrt bil den kvelden.

Dei to andre som er tiltalte for medverknad til promillekøyring visste også at alle på turen var påverka.

– Det er openbert at alle har vore med på å tilskunde køyringa og dermed skal dømast for medverknad, sa aktor.

Han la ned følgjande påstandar for dei andre tiltalte:

  • 20-åring som er tiltalt for promillekøyring og medverknad: 30 dagar i fengsel utan vilkår og ei bot på 75 000 kroner.
  • 25-åring tiltalt for medverknad: 21 dagar i fengsel utan vilkår og 65 000 kroner i bot.
  • Tiltalte som er under 18 år: 21 dagar i fengsel på vilkår og bot på 20 000 kroner.

Prega i retten

Den hovudtiltalte 20-åringen, som no risikerer halvtanna år i fengsel, forklarte seg i retten tysdag.

Han minnest lite etter køyringa på åkeren.

– Sidan hugsar eg ikkje så mykje før eg vakna opp av eit smell, og høyrde skrik rundt meg etter at bilen køyrde av vegen, forklarte 20-åringen.

Han var tydeleg prega da han forklarte seg for tingretten.

– Det var dumt og det er tungt å sitte her no. Eg har mista bestevenen min, sa han til retten.

Les også Minnesmerke fjernet tre ganger: – Det er hjerteløst

Minnesmerket på Otterøya, Rigmor Ottesen og Tone Lise Ugseth.

Lang behandlingstid har vore eit tema i retten. Fleire av advokatane reagerer på at tiltalen blei tatt ut i februar, men at saka først kom for tingretten no i mai.