Hopp til innhold

Polsk-norsk kjærleikshistorie blir hetsa på nett

Filmen «Norwegian Dream» har vekka sterke reaksjonar i det polske miljøet i Noreg: «Lag ein film om landsmenn som har lukkast i utlandet – ikkje nokre jævlar».

Robert og Ivar jobbar saman i filmen Norwegian Dream

SKEIV MINORITET: Filmen «Norwegian Dream» tek opp tema om det å vere polsk arbeidsinnvandrar og skeiv i Noreg. Her er Hubert Miłkowski og Karl Bekele Steinland i hovudrollene.

Foto: Patryk Kin / Spætt Film AS

«Norwegian Dream» er ei kjærleikshistorie mellom to unge menn som treff kvarandre på tvers av kulturar, polsk og norsk.

Og filmen har ikkje kome utan reaksjonar.

Reaksjonar i det polske miljøet

Med om lag 120 000 polakkar i Noreg er det ein av dei største minoritetane i landet. Og på den polske Facebook-sida «Dzieje się w Norwegii», omsett: «Dette skjer i Noreg» har traileren blitt delt og skapt sterke reaksjonar.

Facebook-sida har 24.000 følgarar.

– Det har vore mange, ganske grove, kommentarar. Mykje homofiendtleg. Kommentarar både på meg og på filmen, seier regissør Leif Igor Devold.

Han er sjølv halvt polsk og halvt norsk.

I kommentarfeltet finn ein over 480 kommentarar og meiningar om innhaldet i filmen. Enkelte skriv, her omsett til norsk: «takk, auga mine blør», «det er denne filmen som fornærmar oss polakkar» og «det er uuthaldeleg».

Andre har kommentert «heile dette konseptet med filmen er katastrofalt drit» og «lag ein film om landsmenn som har lukkast i utlandet, ikkje nokre jævlar».

Håvard Wettland Gossé og Leif Igor Devold under innspeling av filmen Norwegian Dream.

Filmskaparane seier det fyrst og fremst er ein underhaldande kjærleiksfilm som passar for eit breitt publikum.

Foto: Patryk Kin / Spætt Film AS

Men det er også mange positive kommentarar og reaksjonar. Fleire skriv at dei gler seg til å sjå filmen og at Polen er ekstremt stolt av at det blir laga slike filmar.

– Det er delt, om lag 50–50. Og det er slik Polen er, forklarar regissøren.

Sidan 2015 har det vore det han kallar ei forvitring av demokratiske institusjonar. Det har også gått utover kvinner sine rettar, abortrettar og også skeive sine rettar.

Nettopp derfor meiner filmskaparane at det er eit viktig tema å ta opp.

– Me tek i mot debatten, står i denne stormen og håpar at nokon endrar meining, legg produsent Håvard Wettland Gossé til.

– Fyrst og fremst gler eg meg til å dele denne kjærleikshistoria. I botnen ligg historia om at kjærleiken er det viktigaste, seier Devold.

Robert og Ivar i filmen Norwegian Dream.

I Polen forventar filmskaparane at «Norwegian Dream» ikkje kjem til å gå så bra på kino. – Folk er redd for å bli sett på skeive filmar på kino, fortel regissør, Leif Igor Devold.

Foto: Patryk Kin / Spætt Film AS

Heiltrøndersk, polsk, spelefilm

Filmen er spelt inn i Trøndelag og det er stort sett trønderar i sving – både framfor og bak kamera.

– Det er fyrste gong eit trøndersk selskap lager spelefilm. At vi skulle klare det var jævlig artig, seier Gossé.

Trønderske Karl Bekele Steinland og polske Hubert Miłkowski har hovudrollene i filmen.

Robert, ein polsk arbeidsinnvandrar, flyttar til kysten av Trøndelag og blir forelska i kollegaen Ivar som er opent skeiv. Når Ivar støttar ein streik på fabrikken må Robert velje mellom pengane han så sårt trenger og kjærleiken.

– Bodskapen er at det skal vere trygt for alle å kome ut, uansett kven dei er, seier Devold.

Håvard Wettland Gossé og Leif Igor Devold.

Produsent Håvard Wettland Gossé og regissør Leif Igor Devold tek opp tabubelagde tema, som skeive sine rettar, i filmen «Norwegian Dream».

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Filmen «Norwegian Dream» opnar Trondheims internasjonale filmfestival, Kosmorama, måndag 6. mars.

– For meg personleg betyr dette enormt mykje. Eg har jobba med dette prosjektet i 10 år, så det kriblar i magen no altså, seier Devold i forkant av premieren.