Hopp til innhold

Etterforskar valdeleg og brutal hending ved barneskule: – Svært belastande for fornærma

Ein elev ved ein barneskule i Trondheim er mistenkt for å ha utført ei straffbar handling mot ein annan elev i skuletida.

Politihuset i Trondheim

UNDER ETTERFORSKING: Politiet i Trøndelag etterforskar saka der to barn skal vere involverte. Hendinga skal ha skjedd i skuletida.

Foto: Bent Lindsetmo

– Det er ei valdeleg og brutal hendig som har skjedd på ein barneskule mellom to elevar der ein er mistenkt og ein er fornærma.

Det seier leier for førebyggande avsnitt på sentrum politidistrikt i Trondheim, Jan Erik Mihle til NRK.

Hendinga skal ha skjedd for eit par veker sidan.

Måndag denne veka hadde politiet eit foreldremøte på skulen for å bidra til ro og minske ryktespreiing.

– Me har formulert om hendinga frå å vere alvorleg til å vere valdeleg og brutal, seier Mihle.

FAU-leiaren ved skulen opplyser at saka og handteringa av saka er belastande for både elevar og foreldre.

– Møtet burde vore handtert annleis. Skulen skulle vore betre førebudd. Det var ei tydeleg kjensleladd forsamling og mange inntrykk og behov som ikkje blei møtt, seier FAU-leiaren.

Utover det vil politiet framleis ikkje seie noko om kva som har skjedd, men ber folk slutte å spekulere.

– Det er sårbare ungdommar det er snakk om.

Jan Erik Mihle, leder forebyggende enhet, står utenfor politistasjonen i Trondheim sentrum. Han har på seg politiuniform og har et alvorlig blikk inn i kamera.

Jan Erik Mihle er leier for førebyggande avsnitt i Trøndelag politidistrikt.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Skulen har ikkje kontroll eller handlekraft

Skulen har nok handtert saka på ein svært uheldig måte overfor situasjonen, elevane og foreldra.

Det seier FAU-leiaren ved skulen. FAU har hatt dette som deira fremste prioritet dei siste vekene.

Dette er ein alvorleg og sensitiv situasjon som dei fleste vil ha store følelsar rundt, og då er det viktig å bli sett og høyrt og få fortrulegheit til at nødvendige tiltak blir gjort.

Leiaren opplyser at saka og handteringa av saka er belastande for både elevar og foreldre.

Foreldra er bekymra for barna sine. Og dei er opprørte. Dei saknar ei betre handtering av situasjonen, noko handfast og konkret som viser dei kva skulen tenker å gjere for å sikre eit trygt og godt skulemiljø framover. Og det vil ikkje skulen gje.

Vedkommande seier skulen viser manglande handlekraft og at det er viktig at nokon må stå til ansvar for å bygge opp att foreldra og elevane sin tillit til skulen.

– Barna er alle foreldre sin største og kjæraste skatt. Og når leiinga på skulen ikkje klarer å vise at dei har kontroll og handlekraft når slike situasjonar oppstår skapar det eit tillitsbrot og det vil vere heilt naturleg at dei reagerer.

Les også Tiltalt for å rane artist – meiner dei er brikker i andre sitt spel

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

– Svært belastande

Arve Røli er bistandsadvokat for det fornærma barnet.

Han seier vedkommande har forklart seg i eit tilrettelagd avhøyr, og blir varetatt av familien sin.

– Situasjonen er svært belastande for fornærma og heile familien, seier han til NRK.

Advokat Kolbjørn Lium, som forsvarar det mistenkte barnet, ønsker ikkje å uttale seg om saka.

Påtaleansvarleg, Mette Forfang Digermul, vil ikkje seie noko om kva som har skjedd.

– Eg kan bekrefte at politiet etterforskar ei sak, men eg kan av omsyn til etterforskinga ikkje gå ut med detaljar på noverande tidspunkt. Fokuset vårt er å vareta dei involverte.

Elevane er i øvre barneskulealder.

– Varselet om hendinga kom etter at situasjonen hadde opphøyrt, forklarar Mihle.

Politiet etterforskar hendinga og er i gang med tekniske undersøkingar og avhøyr av dei involverte og eventuelle vitne.

Adresseavisen omtalte saka først.

Les også Elev tok sitt eget liv i vinter – nå varsler statsforvalteren tilsyn

Peder Angel Langen Lundquist

Ber foreldre bidra til ro

Førre veke sende rektoren ved skulen ut ei melding til foreldre og føresette.

«Denne uken har det skjedd en alvorlig hendelse på skolen. Nødvendige tiltak er iverksatt, og de som er involvert blir ivaretatt» heiter det i meldinga, som NRK har fått tilgang til.

«Av hensyn til de involverte oppfordrer skolen foresette til å bidra til ro og ikke ryktespredning.» står det vidare i meldinga.

NRK har vore i kontakt med rektoren ved skulen, som ikkje ønsker å uttale seg om saka.

Les også 19-åring døde, nå står kompisene tiltalt: – Tungt å sitte her nå

Det står lys og blomster i veikanten hvor bilen med fem unge menn kjørte i grøfta. En person døde i ulykken.