Hopp til innhold

Med respekt for livet

Verdiar som miljø, familie og respekt for livet er viktig for Kristeleg Folkepartis Øyvind Håbrekke.

Øyvind Håbrekke
Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Felles interesser i saker som handlar om miljø, familie og verdiar er det viktigaste for meg når det gjeld val av politiske samarbeidspartnarar, seier Øyvind Håbrekke.

Dei neste fire åra vil Øyvind Håbrekke kjempe for å kutte utsleppa av klimagassar. Han samarbeider helst med Venstre, Høgre og Senterpartiet på Stortinget, og minst lyst har han å samarbeide med Rødt.

Naudsynt med bompengar

KrF-politikarane vil også ha betre og tryggare vegar i Noreg.

– Det beste er når det kan skje utan bompengar, men det vil vere naudsynt for å løfte dei store prosjekta, seier Håbrekke.

Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Eg støttar ei balansert linje der vi tek vår del av ansvaret for de store rovdyra, men prøver å minimere konfliktene gjennom klok styring og aktiv førebygging, slik rovdyrforliket frå 2004 legg opp til. Det er viktig å støtte opp om den regionale styringa, slik at så mange avgjerder som muleg kan tas politisk i regionane, seier Håbrekke.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg trur det er både riktig og viktig å slå saman nokre kommunar framover. Kristeleg Folkeparti vil byggje leggje vekt på eigne tiltak frå kommunane si side, og ikkje bruke tvang.

Besøk Øyvind Håbrekkes blogg