Hopp til innhold

Øydelagd bru deler Noreg i to

E6 gjennom Namsskogan i Nord-Trøndelag er heilt stengd fordi det øverste laget med vegdekke har løsna frå ei bru. Det er ingen muleg omkjøring på staden.

Ødelagt bru Namsskogan

Vegdekket er heilt øydelagd, og brua er stengt til dette er utbetra.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen / NRK

Svein Aasan

Svein Aasan, ingeniør i Statens Vegvesen.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen

Brua vart stengt ved midnatt natt til måndag, og det kan ta fleire timar å reparere ho.

Det er Håpnesbrua det er snakk om. Brua ligg så å seie i sentrum av Namsskogan, omlag 400 meter nord for kommunehuset.

Noreg er dermed delt i to på staden, og for å komme seg forbi, må ein kjøre om Tärnaby i Sverige eller fylkesveg 17 om Brønnøysund.

Mandag klokka 10 opplyser Statens Vegvesen at dei håper at brua kan opnast innan klokka 11.

Må sjekke brudekket

Vegdekket på brua har rett og slett blitt vaska bort av regnet.

– Brua har eit slitelag av fiberarmert betong, og det har løysna frå brudekket og gått i oppløysing, seier Svein Aasan, ingeniør i Statens Vegvesen.

Det er truleg vatn som har kome seg inn i dekket, og så frosse til is. Med vêromslaget har isen tina, og trafikken pumpa opp vatnet så vegdekket har sprukke opp langs midten.

– Vegdekket ville nok ha løysna før eller seinare uansett, seier Aasan.

Han har sett på skadene i natt, men kan ikkje seie når skadene kan vere reparerte og brua opna att.

– Brua og vegen blir opna så snart vi får fjerna all laus betong og får stadfesta at brudekket under er intakt. Men det kan nok ta nokre timar, seier han.

Må jamne ut dei skarpe kantane

Han trur det må til ein del vegarbeid i tillegg, for det blir ein del skarpe kantar når ein fjernar det som er laust.

– Dei skarpe kantane vil kanskje øydelegge bildekk, så vi må ha på asfalt og få jamna ut kantane, seier Aasan.

Brua er intakt og har full bæreevne.

Aasan trur det er mildveret som er grunnen til at desse skadene har kome no.

Ingen bilar får kjøre over brua før dei lause betongbitane er fjerna.

Blir ståande sør for brua

Christine Karijord

Christine Karijord, brufast i Namsskogan.

Foto: Karl Jørgen Marthinsen

Christine Karijord frå Junkerdalen er ein av bilistane som ikkje får sleppe over brua.

– Vi kjem frå Femundløpet, som vart avlyst på grunn av dårleg vêr. Vi tenkte oss heim så raskt som muleg, for vi har bilen full av hundar, seier ho.

– Men no er Noreg delt i to her i Namsskogan, og vi kjem oss ikkje herfra. Vi kan ikkje kjøre om Sverige, for vi har ikkje gyldig ormekur på hundane, seier Karijord.

Det er inga krise, verken for folk eller hundar i bilen.

– Hundane er vande med å ligge i bilen, men det var ei kald og hard oppleving å vere med på Femundløpet, så det hadde vore godt å komme seg heim snart, seier Christine Karijord, som står på sørsida av Håpnesbrua i Namsskogan.

Deler også kommunen i to

Stian Brekkvassmo

Stian Brekkvassmo, ordførar i Namsskogan kommune.

Foto: Espen Sandmo/NRK

Brustenginga får konsekvensar òg for dei som bur i kommunen.

– Dei som bur i hovudbustadfeltet på Namsskogan, kjem seg ikkje sørover til kommunehuset og skolen, anna enn over gangbrua, seier ordførar Stian Brekkvassmo.

I tillegg blir det problem med skoleskyssen.

– Skolebussane har tilhald på Statoilstasjonen som ligg rett nord for brua, og desse vil ikkje komme seg over brua, seier Brekkvassmo.