- Dette har eg ikkje fortent, sa Osman like etter at dommen fall i retten i Suleimanyia, skriv Adresseavisen.
Vil anke saka
Alle dei tre tiltalte i saka blei dømt til døden ved henging, men dette er ikkje punktum for drapssaka.
Marita Strøm blei drepen då ho var på ferie. (Foto: privat)
- Eg har snakka med forsvararen til Osman Omar Osman, advokat Azad Ahmed Sabri, og han opplyser at norsk-irakaren vil anke saka, seier utanriksdepartementets observatør i Sulieymanyia Stein Iversen til NRK Trøndelag.
Ifølgje Adresseavisen er det ikkje gjennomført dødsstraffer i det kurdiske området i Nord-Irak sidan 1997. I løpet av dei åtte åra som er gått er det avsagt førti dødsdommar. Alle desse er gjort om til livsvarig fengsel i ankesaka.
Mot dødsstraff
Utanriksdepartementet har gjort styresmaktenen i Nord-Irak merksame på at Noreg er motstandarar av dødsstraff.
Iversen kan ikkje seie noko om kva som skjer vidare i saka på det noverande tidspunktet.
- Dommen er akkurat gjort kjent og eg må no snakke med forsvararar og dei involverte, før eg kan kommenterer kva norske styresmakter vil gjere, seier Iversen til NRK.
Dommen blei gjort kjent klokka 11:20 lokal tid. Nord-Irak ligg omlag to timar før norsk tid.
Drepen på ferietur
Bilen Marita Strøm sat i då ho blei skoten.
Det var natt til 4. september i fjor Marita Strøm blei drepen under eit ferieopphald hos mannens familie.
Undervegs i bil, saman med ektemann og to av barna, blei ho skoten i framsete på bilen. Politiet fatta raskt mistanke til ektemannen, og han blei arrestert, mistenkt og seinare sikta for drapet.
Sjef for tryggingsstyrkane i Suleimaniya, Sarkat Hassan Halal, har tidlegare forklart at Osman Omar Osman tilstod både å ha førebudd og deltatt i utføringa av drapet.
Han skal ha betalt to venner 8 000 dollar for å skyte kona når han stoppa bilen på ein avtalt stad. De to vennene har forklart det same.