Hopp til innhold

Ørn utlikna på overtid

Kolbotn leia 1-0 ved full tid, men Trondheims-Ørn utlikna på overtid.

Video nsps_upload_2009_4_13_22_16_48_2902.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Trenar Gøril Kringen er godt nøgd med 1-1 mot Kolbotn på heimebane i serieopninga.

- Dei leiar til vi er tre minutt på overtid, då lagar vi utlikningsmålet og opplever at vi er nøgd med eitt poeng i dag, seier Kringen til NRK Trøndelag rett etter kampen.

Viktig poeng

Eitt poeng er viktig både mentalt og med tanke på tabellen.

- I fjor tapte vi slike kampar 1-0, i år utlikna vi på overtid, så det er ein kjempestyrke for laget og viktig mentalt å kunne komme tilbake i kampar der ein ikkje spelar spesielt god fotball, seier Kringen.

Går for topp fem

Trondheim-Ørn blei nummer ni i fjor, i år er målsettinga å komme på øverste del av tabellen.

- Vi ønskjer å vere topp fem, så får vi sjå om det går. Og går det, kan vi kanskje hamne enno høgare også, seier Kringen.

Les også: Ørn vil klatre

Ho legg til at Stabæk og Røa skil seg ut frå resten av laga i Toppserien, og at det blir eit bikkjeslagsmål om plassane bak dei to.