NRK Meny
Normal

Ørn og Kattem klare for seriestart

I ettermiddag blir toppserien for kvinnefotball sparka i gang.

Trondheims-Ørn - Kolbotn

Frå serieopninga mellom Trondheim-Ørn og Kolbotn.

Foto: Tor Aage Hansen

Kattem møter Klepp heime, mens Trondheims-Ørn tek imot Kolbotn også dei på heimebane.

- Trondheims-Ørn satsar i år på å revansjere den dårlege 9. plassen frå i fjor. Ørn har spelt betre i vårsesongen og målet er å hamne på øverste del av tabellen, det vil seie blant dei seks beste, seier trenar Gøril Kringen til Trondheims-Ørns heimesider.

Trondheims-Ørn har dei siste sesongane spelt heimekampane sine på Lade og Lerkendal, men i år er det Dalgård som er klubbens nye heimebane. Sist det blei spelt toppseriefotball på Dalgård var i 2002.

Godt grep om Ørn

Kolbotn har hatt eit godt grep om Trondheims-Ørn dei siste sesongane. Dei åtte siste serieoppgjera mellom desse to laga har endt med seks sigrar til Kolbotn og berre to til Trondheims-Ørn.

Trenar Gøril Kringen meiner Kolbotn framleis er litt betre enn dei andre laga i Toppserien.

- Kolbotn er fortsatt eit godt lag, sjølv om dei er svekka etter at Trine Rønning og Solveig Gulbrandsen forlet klubben. Men tapet av dei to gir betre plass til andre unge spelarar. Eg såg Kolbotn på La Manga, og dei er fortsatt hakket betre enn dei fleste andre laga i Toppserien, seier Kringen til klubbens heimesider.

Har berga to år

Det andre trønderske laget i Toppserien for kvinner er Kattem. Dei rykte opp i Toppserien i 2006. Både i fjor og året før har dei berga plassen, men nedrykksspøkelsen heng stadig over dei.

No håper jentene årets sesong vil bringe dei høgare på tabellen.

- Eg håper at vi greier å klatre litt, samanlikna med i fjor. Kanskje ein plass mellom sju og åtte, seier Kristine Haugen til TV-Adressa.

Ho trur Kattem har gode sjansar mot Klepp i serieopninga.

- Dei verkar gode, men vi har vist før at vi både kan vinne og ta poeng frå dei, så eg trur vi skal ha gode sjansar i den kampen, seier Haugen.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25