No har du fått studieplass

Du kan no sjekke svaret på søknaden din om opptak til høgare utdanning. Men om det ikkje gjekk slik du håpte eller du ikkje har søkt i det heile tatt, er det enno plassar igjen.

Gløshaugen

STUDERE HER? På laurdag kan du sjekke om det framleis er ledige studieplassar på NTNU.

Foto: Erik Børseth / NTNU

– Alle som har søkt via Samordna opptak fekk svar på nettsøknaden sin onsdag 16. juli.

Det fortel Aina Rødal, informasjonsrådgjevar for Samordna opptak. Det var 119.000 søkjarar i år. Dei som har fått tilbod om plass må takke ja eller nei innan 26. juli.

Men det er enno ledige plassar igjen, fortel Rødal.

Ledige plassar blir offentleggjorte på nettsidene til Samordna opptak laurdag 19. juli. Frå kl. 09 sundag 20. juli kan du søkje på desse.

(artikkelen held fram under bilete)

Bergen Museum

ELLER HER: Universitetet i Bergen neste?

Foto: Marianne Røsvik / UiB

Nyttar ikkje å prate seg til plass

Ved NTNU er dei òg snart ferdige med dei interne opptaka. Det er søknadar som går direkte til NTNU utan å gå via Samordna opptak fyrst, til dømes til toårige masterprogram.

– No er det snart berre igjen å ynskje velkomen til Trondheim!

Det fortel Ida Birgitte Ranes som er opptaksleiar ved Opptakskontoret til NTNU. Når Opptakskontoret behandlar søknadar, fylgjer dei strengt regulerte forskrifter.

– Når me rangerar søkjarane, vurderer me opplysingane som kjem fram i papira du har sendt med søknaden. Karakterane dine frå vidaregåande skule er grunnlaget.

– Om to søkjarar har akkurat lik poengsum og det berre er éin plass igjen, blir den eldste rangert før den yngste.

Ranes fortel at det ikkje nyttar å påverke regelverket med gode attestar, referansar, personlege brev og liknande. Det er berre nokre få studieprogram ved NTNU som har slike opptaksprøver.

- Det er lite rom for å nå gjennom med smøring til oss strenge byråkratar, seier ho.

(artikkelen held fram under bilete)

UiO

ELLER HER: Universitetet i Oslo er òg populært.

Foto: UiO

Søk om lån og stipend no

– Dei fleste saker om lån og stipend blir automatisk behandla, og då får ein svar i løpet av to-tre dagar.

Det fortel Inger Sandnes, kommunikasjonsrådgjevar i Lånekassen.

– På dei meir kompliserte sakene, er behandlingstida no fem-sju veker.

For å få pengane frå Lånekassen fortast mogeleg inn på konto, bør du gjere følgjande:

  • Søk med en gang du har fått studieplass
  • Du søker på Dine sider på lanekassen.no.
  • Vær nøye når du fyller ut søknaden
  • Gi Lånekassen den informasjonen og dokumentasjonen du blir bedt om
  • Be om elektronisk signering i søknaden
  • På Dine sider på lanekassen.no finner du status for din søknad
  • Første utbetaling skjer når studiene har startet og når du har betalt semesteravgift og meldt deg opp til eksamen.

Video fra Trøndelag

Black Friday var god gjødsel for kjøpelysten. Hyllene på post i butikk er fylt til randen. Dessuten kommer julegavene snart for fullt. Folk må hente - nå, er ropet fra butikkene.
Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.