Hopp til innhold

Sender brannbilar til Ukraina for åttande gong

25 brannbilar og to trailerar med hjelpeutstyr blir køyrde frå Noreg til Ukraina fredag. – Ein historisk kolonne, seier initiativtakar Odd Steinar Rønne.

Ståle Bjarghov, Odd Steinar Rønne og Joakim Sandodden står foran tre av brannbilene som skal sendes til Ukraina.

Ståle Bjarghov, Odd Steinar Rønne og Joakim Sandodden står framfor tre av brannbilane som skal sendast til Ukraina. Bjarghov skal køyre ein av dei nedover.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Han er pensjonert brannkonstabel og leiar for den frivillige organisasjonen Norsk Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte.

Fredag køyrer dei sin åttande tur inn i dei krigsherja områda i Ukraina der dei skal levere utrykkingskøyretøy og andre hjelpemiddel.

– Det er behov for det i Ukraina. Vi har høve til å hjelpe dei, seier Rønne.

Så langt har organisasjonen gitt bort 41 brannbilar, tre trailerlass med redningsutstyr og fem ambulansar.

Les også Ukrainske soldater skal trenes opp i Norge

Skarpskytter under øvelsen Joint Viking

Rønne seier denne åttande turen blir heilt spesiell.

– Det blir jo det vi har valt å kalle ein historisk kolonne, at vi skal køyre 25 brannbilar, seier han.

I tillegg har dei fylt to trailerar med straumaggregat og hjelpeutstyr.

Tre brannbiler står på rekke. De skal alle kjøres til Ukraina.

Desse tre bilane blir sende frå Trøndelag til Ukraina på laurdag. Bilane er mellom anna frå Stjørdal og Meråker.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Starta før krigen braut ut

Rønne sitt engasjement for brannvernutstyr til Ukraina starta før krigen braut ut. Han er gift med ei ukrainsk kvinne og har reist mykje i landet.

På ein av turane besøkte paret ein brannstasjon i byen Kryvyj Rih. Der såg dei at det lokale brannvesenet hadde svært dårleg utstyr å hjelpe seg med.

– Det var mykje gammalt og utslite utstyr. Kleda som dei brukte då dei skulle sløkkje brannar minte meg mest om regntøy. Då slo tanken ned i meg, her måtte eg få sendt ned noko utstyr frå Noreg, sa Rønne i eit intervju med NRK før jul.

Odd Steinar Rønne, finalist Året hverdagshelt 2022

Rønne har reist mykje rundt i Ukraina og beskriv det som eit fantastisk land.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Då Ukraina vart invadert, hasta det å få levert utstyret han hadde samla inn. Sidan har det vorte mange turar til Ukraina med mengder av utstyr.

– Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan støtta frå brannfolk over heile Noreg. Det er berre slik at vi som jobbar, eller har jobba i brannvesenet, er «skrudde saman» på den måten at vi ønskjer å hjelpe. Det ligg naturleg i oss, du kan seie vi brenn for å hjelpe.

– Kunne framleis vore brukt i Noreg

Dei fleste brannbilane som blir sende av garde er donerte av kommunale brannstasjonar rundt om i landet, og er ikkje lenger i bruk i det norske brannvesenet.

Rønne understrekar at dei likevel er meir enn brukbare.

– Dei fleste av desse brannbilane kunne framleis ha vore i beredskap i Noreg, viss ikkje det hadde vore for særnorske reglar, som går på det her med mengd vatn mellom anna, fortel han.

På brannstasjonen i Sunnfjord står ein av dei.

Framsiden av en Mercedes Benz brannbil fra 1982, som skal sendes til krigen i Ukraina.

Denne bilen var opphavleg brannbil på ein flyplass i Berlin, men har vore i Førde sidan 2007. No blir den sendt til Ukraina.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ein 40 år gammal Mercedes-Benz skal etter 15 års teneste ved brannvesenet i Sunnfjord sendast vidare til krigen i Ukraina.

– Bilen er i teknisk stand veldig god som brannsløkkingsbil, så han kjem til å gjere nytte av seg der nede, det er eg heilt sikker på, seier brannsjef ved stasjonen, Bernhard Øberg.

Bernhard Øberg og Endre Johnsen ved Sunnfjord Brannstasjon

Bernhard Øberg står saman med brannkonstabel Endre Johnsen, som skal køyre den 40 år gamle bilen til Ukraina.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Ekstremt behov

Mannskapa reknar med å bruke tre til fire døgn på turen som går gjennom Sverige og Polen.

– Vi køyrer til Ukraina i ein region vest i landet, Liviv-regionen, og møter ukrainske brann- og redningsvesen der, seier Rønne.

Han fortel at leveransane deira blir veldig godt tekne imot.

– Det er jo på grunn av at behovet er ekstremt. Det er vel ei kjensgjerning det at brann- og redningsvesen er eit mål for russiske styrkar.

Les også Kjærleiken til kona har gitt brannbilar og hjelpeutstyr til Ukraina

Odd Steinar Rønne, finalist Året hverdagshelt 2022

Les også Her er norske brannbiler på plass i Ukraina

Brannbilene fra Norge har fått ukrainsk flagg