Hopp til innhold

Kjærleiken til kona har gitt brannbilar og hjelpeutstyr til Ukraina

Så langt har Odd Steinar Rønne gitt bort 41 brannbilar, tre trailerlass med redningsutstyr og fem ambulansar. Men det starta med nokre brannhanskar og kjærleik.

Odd Steinar Rønne, finalist Året hverdagshelt 2022

FLEIRE TURAR: Odd Steinar Rønne frå Steinkjer har vore fleire turar til krigsherja Ukraina med brannbilar og utstyr.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Eg veit at det utstyret vi har levert har berga menneskeliv, seier Odd Steinar Rønne.

Som leiar av den frivillige organisasjonen Norsk Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte er han klar for sin sjuande tur inn i krigsherja Ukraina.

Men det starta med kjærleik.

– For ti år sidan trefte eg ho som skulle bli kona mi. Ho er frå Ukraina og vi reiste mange turar rundt i det fantastiske landet, fortel Rønne.

Rønne jobba som utrykkingsleiar i Brannvesenet Midt IKS. På ein tur til Ukraina besøkjer paret ein brannstasjon i byen Kryvyj Rih. Der ser Rønne at det er svært dårleg utstyr det lokale brannvesenet har å hjelpe seg med.

– Det var mykje gammalt og utslite utstyr. Kleda som dei brukte når dei skulle sløkkje brannar mint meg mest om regntøy. Då slo tanken ned i meg, her måtte eg få sendt ned noko utstyr frå Noreg.

No er han foreslått som «Årets hverdagshelt 2022».

Brenn for å hjelpe

Det som starta med nokre brannhanskar og klede vart fort større.

– Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan støtta frå brannfolk over heile Noreg. Det er berre slik at vi som jobbar, eller har jobba i brannvesenet, er «skrudd saman» på den måten at vi ønskjer å hjelpe. Det ligg naturleg i oss, du kan seie vi brenn for å hjelpe, seier Rønne.

Heime i Noreg forklarte han for kollegaene sine og sjefar i brannvesenet kor dårleg stelt det var med brannvesenet i Ukraina. Responsen var stor, og det vart raskt starta ei innsamling av utstyr som skulle leverast til lokale brannstasjonar i Ukraina.

Så kom pandemien og etter den Russland sin invasjon av Ukraina.

– Då invasjonen 24. februar i år var eit faktum, var eg ikkje i tvil. Det hasta med å få levert det vi hadde samla inn, seier Rønne.

Allereie 11. mars drog ein kolonne med fire brannbilar og ein trailer med utstyr frå Noreg til Ukraina.

– Frå grensa vart vi eskorterte av godt væpna militære til Ravaruska i Lviv oblast regionen, vest i Ukraina. Der vart vi møtte av lokale brannmenn og fekk overlevert alt utstyret til dei, seier Rønne.

Odd Steinar Rønne har hatt flere turer til Ukraina med biler og utstyr til brann-kolleger.

Odd Steinar Rønne har hatt flere turer til Ukraina med biler og utstyr til brann-kolleger.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Stor respons

Då han kom heim til Steinkjer, hadde ryktet spreidd seg. Rønne skjønte at han måtte få hjelpearbeidet inn i klare rammer. Dermed vart den landsomfattande foreininga Norsk Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte stifta den 14. april i år.

– Det var stor respons frå brannfolk i heile Noreg og etter kort tid var vi klar til å køyre ned med ni donerte bilar og 18 sjåførar frå brannvesenet.

Dette var tidleg i krigen og Rønne drøymde ikkje om at det skulle bli behov for så mange turar og så mykje utstyr.

– Eg veit at det utstyret vi har levert har berga menneskeliv. Spesielt i regionen Poltava i det midtre Ukraina. Der vart bustadblokker og skular treft av bomber og folk vart innesperra, seier Rønne.

– Eg ønskjer av heile mitt hjarte å takke dei norske vennene våre. Og spesielt Odd Steinar Rønne, skriv brannsjef Igor Karelin i Ukraina.

– Brannbilar, ambulansar og alt redningsutstyr som dei har levert er dagleg med på å redde liv i Ukraina. Eg er full av beundring og takksemd, skriv den ukrainske brannsjefen.

Rønne er initiativtaker til norsk ukrainsk brann- og ambulansestøtte.

Rønne er initiativtakar til Norsk Ukrainsk Brann- og Ambulansestøtte.

Brannbil frå Malvik

Den dagen vi møter Odd Steinar Rønne viser han fram ein brannbil, ein ambulanse og ein bil med firehjulsdrift.

– Ambulansar er vanskeleg å få donert, dei må vi kjøpe av innsamla pengar. Firehjulstrekkjaren skal utrustast og brukast av brannvesenet. Det som finst av slike bilar i Ukraina er rekvirerte av militæret, fortel Rønne.

Brannbilen har gått i Malvik før han gjorde nytte på Aure, no skal han snart ned til Ukraina.

– Det er mange som spør meg om kva draumen min er med det vi leverer. Då svarer eg at eg er ingen draumar, eg er ein realist og eg veit at vi reddar liv gjennom det vi får samla inn, seier Rønne.

Han har no vorte pensjonist. Men har framlies eit brennande behov for å hjelpe. Kanskje kjem det av at han er oppvaksen med beredskap. Far hans var utrykkingsleiar og han har jobba over 40 år i brannvesenet. Sjølv beskriv han seg som ivrig og målretta.

– Når eg set meg eit mål, så gjennomfører eg det. Eg får ei stor personleg glede ved å bidra og hjelpe folk. Det å vite at utstyr og brannbilar vi har samla inn i Noreg reddar liv i Ukraina gjer godt. Der har du motivasjonen min for å halde på med dette natt og dag, seier Rønne.

Odd Steinar Rønne på besøk hos gamle kolleger

Odd Steinar Rønne på besøk hos gamle kollegaer ved Steinkjer brannstasjon.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Inn i det krigsherja landet

For å vere sikker på at hjelpa kjem fram, krev Rønne at alt skal leverast til lokale brannstasjonar. Det betyr at dei køyrer kolonnane inn i Ukraina. Ein ikkje heilt ufarleg tur.

– Det er ikkje ufarleg, det er rett. Vi køyrer i eit land i krig og har opplevd missilnedslag ikkje langt unna der vi er. Derfor er det viktig at vi heile tida tenkjer på eigen tryggleik, seier Rønne.

Han har eit krav om at dei som er med på turane kjem frå yrke som veit kva tryggleik betyr.

– Tryggleik er noko som vi som køyrer utstyret har god erfaring med gjennom bakgrunnen vår frå beredskaps- og redningsyrka her i Noreg. Vi har god kontakt med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). I tillegg har vi dagleg kontakt med lokale brannmenn i Ukraina. Det gjer at vi får nødvendige opplysningar om kvar det er relativt trygt å køyre, seier Rønne.

Framtida

– No kjem ein tøff vinter. Det kan bli mange hundre tusen som manglar straum og varme. Då er det viktig å få levert fleire straumaggregat, seier Rønne.

Så langt har han samla inn og levert 40.

– Eg veit at «våre» straumaggregat bidrog til å berge blodplasma som var på sjukehusa i Kryvyj Rih då straumen forsvann, seier han.

På den neste turen har dei med seg rundt 70 aggregat og dieselvarmekanonar som skal brukast i teltleirar for dei som flyktar frå dei russiske angrepa.

– No prøver vi å få tak i stigebilar, seier Rønne.

– Det manglar den typen bilar i Ukraina. I byane er det mange høge bygg der redningsarbeidarane har behov for å jobbe i høgda for å få evakuert folk, forklarer han.

– Kva tenkjer du om framtida?

– Ukraina er eit flott land med eit fantastisk folkeslag. Eg har besøkt og reist rundt i landet mange gonger før krigen braut ut. No er det vondt og merkeleg å tenkje på at byar og stader som eg tidlegare har besøkt er heilt øydelagt av krigen.

– Eg skal ikkje seie noko om kven som blir sigerherrar i denne krigen, men den harde vinteren som kjem no vil avgjere mykje. Ein ting er sikkert, skulle situasjonen i Ukraina stabilisere seg, må vi bidra til gjenoppbygginga av landet, seier Rønne.

Les også Smilet hans førte ham til Britannia hotel

Herbert Klein, "Doorman" på Britannia Hotel