Hopp til innhold

Nytt radioaktivt legemiddel kan avdekke tidleg Alzheimers

Ved St. Olavs hospital produserer dei no eit radioaktivt legemiddel som kan avdekke sjukdommen tidlegare enn før.

Radioaktiv medisin blir laga ved St. Olavs hospital

RADIOAKTIVT: Legemiddelet, ved namnet MK6240, som kan avdekke tidleg stadium av Alzheimer har tatt fleire år å forske fram, men no er det endeleg klar for produksjon og bruk ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Geir Otto Johansen / NTNU

– Før såg me anatomien, men me såg eigentleg ikkje kva som føregjekk i hjernen.

Det seier Ingvild Saltvedt, overlege i geriatri på St. Olavs hospital og professor på NTNU.

Men det 28. mars endra dette seg. Då begynte sjukehuset i Trondheim med ei ny behandling kan avdekke begynnande Alzheimer sjukdom og faktisk sjå kva som føregår i hjernen.

Person i MR med det nye radioaktive stoffet

Dei fyrste pasientane blei skanna med PET-MR og det nye sporstoffet, tysdag 28. mars på St. Olavs hospital.

Foto: Marianne Leirdal Stokkan / NTNU

Som dei fyrste i Norden produserer og brukar dei radioaktivt legemiddel for å vise tidlege stadium av sjukdommen.

– Det er alltid kjekt å kunne tilby ei betre helseteneste til alle pasientane i Helse Midt Noreg, seier Thomas Keil, seksjonsoverlege på avdeling for nukleærmedisin ved St. Olavs.

Les også Norske nobelprisvinnere får millioner i støtte av Facebook-gründeren og kona

May-Britt og Edvard Moser, NTNU.

Forstår betre kva som feilar pasienten

Det nye legemiddelet, MK6240, er eit sporstoff pasientane får i seg i forkant av ei PET-MR undersøking. Sporstoffet gjer at bileta viser forskjellige typar sjukdom og aldersforandringar. Og dette kan avdekke Alzheimers.

– Det betyr at dei får ei endå betre undersøking og at dei får vite endå meir om kva som feilar dei. Og det opplev eg at mange av desse pasientane er interessert i å vite, seier Saltvedt.

– Det er eit heilt nytt sporstoff som me skal bruke i pasientar med mild kognitiv svikt. Sporstoffet kan hjelpe legane i å diagnostisere denne sjukdommen meir korrekt og endå tidlegare enn det me har kunne gjort før, legg Live Eikenes, professor i biletdiagnostikk til.

Marianne Leirdal Stokkan, Thomas Keil og Live Eikenes

Nokre av personane bak det nye legemiddelet. Frå venstre: Marianne Leirdal Stokkan, Thomas Keil og Live Eikenes.

Foto: Geir Otto Johansen / NTNU

Og det å kunne avdekke Alzheimer tidleg er viktig for å kunne hjelpe og behandle pasienten betre enn før.

– Enn så lenge så kan me gje behandling som forsinkar sjukdomsutviklinga. Det kan også gje pasientane ei moglegheit til å få vite prognosen si og det vil kunne identifisere framtidig pleiebehov, forklarar Keil.

Les også Sebastian (27) mangler språk - håper enkel teknologi kan hjelpe han å bli forstått

Sebastian Aas Jensen har utviklingsforstyrrelse.

Avhengig av lokal produksjon

Legemiddelet er utvikla av amerikanske Cerveau Technologies, som også eig patent på det. Men no blir det produsert lokalt på St. Olavs, i samarbeid med NTNU.

– Hadde me ikkje kunna laga medisinen sjølv så hadde me ikkje hatt tilgang på dei i det heile tatt, forklarar farmasøyt ved St. Olav, Lisbeth Sørum.

Radioaktiv medisin blir laga ved St. Olavs hospital

Bak beskyttande glas og vegger blir det radioaktive legemiddelet produsert.

Foto: Geir Otto Johansen / NTNU

Ho jobbar med testing og kvalitetskontroll av legemiddelet, og forsikrar pasientar med at det er lite risiko å gjere ei slik undersøking eit par gongar i livet. Men sidan det er eit radioaktivt må det brukast same dag som det blir produsert.

Radioaktiv medisin, St. Olavs hospital

I behaldaren er det nytt sporstoff, klar til bruk.

Foto: Geir Otto Johansen / NTNU

– Det er radioaktivt legemiddel som har kort halveringstid og i dette tilfellet er det snakk om 2 timar. Altså, når det har gått 2 timar er halvparten av sporstoffet, igjen. Så det er veldig, veldig viktig å ha lokal produksjon, legg Stokkan til.

Det nye legemiddelet vil vere viktig også når nye behandlingsformer for Alzheimer kjem på banen.

– Det skjer mykje på behandlingssida av Alzheimer no framover. og då er det også like viktig å ha diagnostikk for å diagnostisere pasientar så tidleg som mogeleg og å kunne følge opp nye behandlingar som kjem, seier Stokkan.

Les også Verdenskjent hjerneforsker roser ny Moser-teknologi: – Revolusjonerende

May-Britt og Edvard Moser viser fram det nye to-foton-mikroskopet.

05.04.2023, klokka 09.21 blei det lagt inn ei presisering om at legemiddelet er utvikla av patentinnehavar Cerveau Technologies.