Hopp til innhold

Aktor meiner sjukepleiar oppmoda pasient til å skade seg sjølv

Først vart sjukepleiaren sikta for kroppskrenking av ein psykiatrisk pasient. Så vart han bøtelagd, men nekta å betale. No er han frifunnen i retten.

Akuttbygget Østmarka

UTAGERANDE PASIENT: Ei hending ved St. Olavs hospital på Østmarka enda i rettssak for ein sjukepleiar.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Trøndelag tingrett meiner den psykiatriske sjukepleiaren ikkje utførte arbeidet sitt i tråd med omsorgsfull og forsvarleg helsehjelp.

Men det som skjedde på den psykiatriske akuttavdelinga i Trondheim for eitt år sidan, var eit utslag av frustrasjon som ikkje var så grovt at det bør straffast, meiner retten.

– Eg hadde det veldig vondt inne i meg

I fjor sommar la ei kvinne seg ned på ein veg i Trondheim. Det var ikkje første gongen.

Ho ville bli påkøyrd for å sleppe å leve lenger.

– Eg hadde det veldig vondt inne i meg, skreiv ho då ho melde saka til politiet fjorten dagar seinare.

Politiet tok henne først med til legevakta. Der utagerte ho så mykje at neste stopp vart det psykiatriske akuttmottaket ved St. Olavs hospital på Østmarka.

Dit kom ho i ambulanse følgd av fem politifolk.

I handjarn vart ho ført inn på avdelinga.

Akutten ved St. Olavs Hospital

Kvinna vart først undersøkt på legevakta ved St. Olavs hospital.

Foto: St. Olavs Hospital

Legen der meinte vilkåret for å tvangsinnlegge henne ikkje var oppfylt. Ho fekk i staden tilbod om å vere der over helga på eit såkalla «stabiliseringsopphald».

Avtalen var at ho ikkje måtte utagere.

Ho vart også lova at det berre skulle vere kvinnelege pleiarar som tok seg av henne under opphaldet.

Men på veg inn til rommet vart ho møtt av to mannlege pleiarar. Ho kjende dei begge frå tidlegare innleggingar.

Den eine var sjukepleiaren som ho seinare melde til politiet.

NRK kallar han Arne. Det er ikkje det verkelege namnet hans.

«Han har ein ekkel veremåte generelt. Sjølv om han kanskje ikkje meiner det», skreiv ho i anmeldelsen.

Synet av dei to mannlege pleiarane gjorde at ho ropte og hylte.

Les også Tre menn varetekts­fengsles etter narkoaksjon: – Alvorlig

Pågripelser e6

Dunka hovudet i veggen til blodet spruta

Etter at kvinna hadde falle til ro denne natta, gjekk det eit par timar før personalet høyrde dunkelydar frå rommet.

Det var tre andre på vakt saman med Arne.

Dei fire stod først litt utanfor den lukka døra til kvinna for å vurdere kva som skulle gjerast.

To av dei kvinnelege pleiarane tilbydde seg å gå inn.

Arne bestemte seg for at han skulle gå aleine. Han hadde også såkalla «ansvarsvakt» og dermed over pleiarane i rang.

Trondheim Tinghus

Saka gjekk i Trondheim tinghus.

Foto: Kjartan Ovesen / Nrk

Dei tre kollegaene som vitna i retten meiner alle at han visste om avtalen som var gjort med pasienten om at berre kvinnelege pleiarar skulle vere i kontakt med henne.

Arne meiner at han ikkje hadde fått vete om denne munnlege avtalen som var gjort mellom legen og pasienten i forkant.

Pasienten var på badet på Arne kom inn.

Kvinna heldt fram med å dunke hovudet i baderomsveggen.

Blodet skal ha spruta på veggen og på golvet frå panna til kvinna, ifølgje dei andre vitna som etter kvart kom til.

Samstundes ropte og hylte ho slik at det var lett å høyre for dei som stod ute på gangen.

Arne fortalde i retten at han også måtte halde henne fast i forsøket på å få henne til å slutte, men utan særleg hell.

Les også Lege etterforskes for overgrep – advokat kritisk til sen varsling

Advokat Rikke De Vibe

Kollega: – Eg ville jo eigentleg ikkje tru på at eg høyrde det

Kollegaene som stod utanfor døra til rommet fann ut at dei måtte gå inn for å hjelpe Arne.

Den første som gjekk inn fann Arne og pasienten framleis på badet. Den kvinnelege pleiaren såg det var mykje blod på veggen og på golvet.

Saman med Arne fekk ho pasienten inn på soverommet. Kollegaen freista så å snakke med pasienten og roe henne ned. Men ho fekk beskjed av Arne om å gå ut av rommet igjen.

Utanfor døra høyrde ho raskt at situasjonen eskalerte igjen. Pleiaren gjekk då inn igjen på nytt.

Då sat Arne på ein stol i rommet mens den kvinnelege pasienten stod eit stykke unna.

Der dunka ho framleis hovudet i veggen.

Arne var roleg og myndig, slik kollegaen hugsa det. Men det han sa, opprørte kollegaen:

– Han sa: Gjer det hardare. Vis korleis du kan gjere det hardare. Dette seier han mange gonger, fortalde kollegaen i retten.

– Eg ville jo eigentleg ikkje tru på at eg høyrde det. Det verka veldig uverkeleg.

Ho sa i retten at ho ikkje har opplevd så alvorleg sjølvskading frå denne pasienten tidlegare på vaktene sine.

– Pasienten treng tryggleik. Ho er sjølvdestruktiv, sa kollegaen til Arne i rettssaka.

Etter kvart kom fleire inn på rommet. Arne vart beden om å gå ut.

– Eg er ei verdilaus dokke

Kvinna har vore innlagd fleire gonger dei siste åra, både akutt og under tvang.

Ho har diagnosen emosjonelt ustabil personlighetsforstyrrelse og dermed store vanskar med å styre kjenslene sine.

Overgrep, sjølvskading og sjølvmordstankar er noko av det som blir nemnt i journalen som vart dokumentert i retten.

Ho har ikkje fått påvist noka alvorleg sinnsliding som til dømes psykose.

Fjorten dagar etter melde ho Arne til politiet. I brevet skildra ho korleis ho opplevde det som skjedde på Østmarka.

Ho skriv at politiet berre var hyggeleg med henne og at ho bad dei om å få vere på cella på politihuset.

Jeg opplever at jeg blir sendt til et sted der jeg får det verre. (...) Hvordan er det mulig å bli sendt til et sykehus og oppleve slikt? (...)

Jeg er en verdiløs dukke.

Pasient

Den aktuelle natta vart ho flytta til eit anna «tun» på avdelinga etter hendinga.

Politiet la bort saka – pasienten klaga

Politiet etterforska saka som ei kroppskrenking av kvinna. I april i år vart saka lagt bort fordi det ikkje var nok bevis til å reise ei straffesak mot Arne. Pasienten klaga.

I staden vart Arne sikta for brot på helsepersonellova.

(...) som helsepersonell å ha unnlatt å utføre sitt arbeid i samsvar med de krav til faglig forsvarlighet og å gi den omsorgsfulle hjelp som kan forventes ut fra helsepersonellets kvalifikasjoner, arbeidets karakter og situasjonen for øvrig, eller ikke å ha innhentet bistand eller henvist pasienter videre der dette var nødvendig og mulig.

Helsepersonelloven § 67 første ledd, jf. § 4

Han fekk eit bot på 12.000 kroner, som han nekta å godta.

Dermed enda saka i retten.

I førelegget som politiet ga Arne er hendinga attgjeven slik: «... uttalte han til henne en eller flere ganger at om hun dunker hodet hardere i veggen så vekker du hele avdelingen eller lignende».

Arne stadfesta i retten at han sa dette, eller noko liknande, til henne på badet.

Men pleiaren nektar for at dette kunne oppfattast av pasienten som at han oppmoda henne til å halde fram med å skade seg sjølv.

Utsegnene Arne kom med samsvarer ikkje med å gje omsorgsfull hjelp, meiner aktor.

– Det kan tvert i mot oppfattast som ei oppmoding til å skade seg sjølv, sa aktor politiadvokat Christian Spets i retten.

Politiadvokat Christian Spets i retten

Aktor, politiadvokat Christian Spets, seier han tek domen til etterretning og skal vurdere om den skal ankast.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Statens helsetilsyn frårådde å bøteleggje sjukepleiaren. Saka burde løysast med internt tilsyn og gjennomgang, meinte helsetilsynet.

Sjukepleiaren varsla sjølv sine overordna dagen etter.

Arne har tatt sjølvkritikk på at han ikkje burde ha gått inn til pasienten aleine.

– Av og til blir ein sett veldig på prøve

Seksjonsleiar ved St. Olavs hospital, Hilda Aasen, har vore sikta sin overordna i tre år. Ho sa i retten at han er ein dyktig, arbeidsam sjukepleiar.

– Han har brei kompetanse for å handtere ulike typar pasientar.

Aasen kalla det som skjedde den aktuelle natta «ein litt uheldig situasjon».

Generelt om å jobbe med psykiatriske pasientar sa seksjonsleiaren:

– Av og til blir ein sett veldig på prøve.

– Ein kan hamne i situasjonar som ein etterpå tenkjer kunne ha vore løyst annleis. Men ein må lære av det, sa Aasen.

Det meinte ho både sjukepleiaren og dei andre på avdelinga hadde gjort etter den interne gjennomgangen dei hadde av saka.

Retten: Verbale utsegner sagt i frustrasjon

Aktor la ned påstand om at den psykiatriske sjukepleiaren skal betale ei bot på 9000 kroner.

Forsvarer Mette Skoklefald bad om frinning fordi utsegnene klienten kom med er svært tvitydige.

Advokat Mette Skoklefald

Forsvarer Mette Skoklefald fekk medhald i retten på at sjukepleiaren skulle frifinnast.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Føremålet hans var å hjelpe ein pasient ut av situasjonen for å hindre skade. Det er ikkje utøvd vald, men det er snakk om uheldig språkbruk, sa forsvarer.

Retten er samd med forsvarer.

Tiltalte har brote helsepersonellova, men ikkje så grovt at han bør straffast, meiner retten.

Det er snakk om verbale uttalelser som fremstår som et utslag av frustrasjon i en meget utfordrende situasjon med utagering. Situasjonen krevde dessuten oppfølging fra personellet på vakt (...)

Trøndelag tingrett, 25. juni 2024

Tingretten meiner det også er rimeleg tvil om tiltalte også sa til pasienten: «Vis korleis du kan gjere det enno hardare».

Det har ikkje lukkast NRK tysdag å få ein kommentar frå forsvarer.

Les også Silje-saken: 5-åringen går til sak mot Trondheim kommune

5-åringen som politiet mente var delaktig i drapet på Silje i akebakken i Trondheim i 1994. Han er nå blitt en voksen mann