Hopp til innhold

Ny rekord: Noregs største gullklump er på 34,9 gram

Berre litt over ein månad etter den førre rekorden, er det på ny sett noregsrekord. Det var Marius Frang som fann ein gullklump på heile 34,9 gram.

Norges største gullklump 2

Gullklumpen er nesten dobbelt så stor som førre noregsrekord, og neste like lang som ein fyrtennar.

Foto: Privat

Funnet vart gjort søndag, berre ca. 40 meter frå staden der Arne Sevaldsen fann sin gullklump i slutten av juni, i elva Gisna, som er grenseelv mellom Oppdal og Rennebu. Den førre rekorden var på 19,56 gram.

– Det var eigentleg ein litt treg og kald morgon, og eg kvidde meg for å hoppe uti i dag, seier Marius Frang, som ligg i gullgravar-teltleir ved Gisna. Dagane går med til å liggje i våtdrakt uti elva med utstyr som sug opp stein og grus frå botnen.

Låg plutseleg på botnen

– Eg kom meg ned til botnen, som vi må, og plutseleg så ser eg ein gullklump som ligg på der, forklarer Frang.

– Eg var litt usikker først, han var veldig mørk, men når eg tok han opp og såg nærmare på han, viste det seg at det verkeleg var gull, seier Marius Frang stolt.

Marius Frang

Marius Frang si interesse for gullgraving vart vekt av å sjå på programmet "Gullgraverne" på Discovery.

Foto: Privat

Han har drive med gullgraving i seks år, ei interesse som vart vekt av å sjå på programmet «Gullgraverne» på Discovery. Saman med ti- tolv andre har han ein avtale med grunneigarane i området. Denne avtalen gir dei rettane til mineral som dei finn.

– Vi gjekk inn i teltet til ein kamerat for å vege klumpen, og då viste det seg at han var heile 34.9 gram, seier den ivrige gullgravaren, som leiar eit grullgravarforum med meir enn 2000 medlemer på Facebook.

Gullfunn på 34,9 gram

I rein gullpris er det vel snakk om 10-12.000 kroner, men i og med at denne er i nugget-form, kan det fort bli snakk om ein verdi på mange gonger 10.000 kroner, seier Marius Frang.

Foto: Privat

Skal putte han i safen

– Eg er veldig fornøgd, vi får håpe at rekorden står ei stund no.

– Kva skal du gjere med gullklumpen?

– Den skal eg ta godt vare på i safen heime og ta han fram av og til for å sjå på han.

– Kva er verdien?

– Verdien for meg er veldig, veldig stor. Vi jobbar mykje, flyttar mange tonn med stein for å koma til desse gullklumpane. I rein gullpris er det vel snakk om 10-12.000 kroner, men i og med at denne er i nugget-form, kan det fort bli snakk om ein verdi på mange gonger 10.000 kroner, sluttar Marius Frang.

Arne Sevaldsen og Marius Frang viste fram gullfangsten da Sommertoget stoppet på Oppdal i juli.

Då NRK Sommertoget var på Oppdal vart Frang og Sevaldsen intervjua om den gamle gullrekorden. På spørsmål om han ikkje var misunneleg på Sevaldsen, svara Frang; "Arne er ein fin fyr som jobbar hardt, så han fortener dette. Han skal få lov til å ha denne rekorden i eit par månader før eg finn den neste store."