Hopp til innhold

Norge sløsar enorme mengder vatn – vi kan hjelpe litt med å tisse i dusjen

I Noreg forsvinn mange tusen liter vatn på grunn av eldgamle vassrøyr. Men vi sjølv kan også spare, og Oslo kommune råder folk til å tisse i dusjen.

Tissing i dusjen

TISSING I DUSJEN: Oslo kommune har gitt ut fleire råd for å få folk til å spare vatn.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Vi har mykje vatn i Noreg, men det kan bli skummelt dersom klimaendringane fører til mykje tørke. I fjor var det unntakstilstand i Oslo, og dei måtte innføre vassparing fordi det var så tørt. Dette kan også føre til dyrare vatn i framtida.

– Vi må slutte å sløse, seier Frode Hult.

Han er seksjonsleiar i Vann- og avløpsetaten i Oslo kommune. Der får 90 prosent av innbyggarane vatnet sitt ifrå Maridalsvannet, og forskning.no skriv at kommunen jobbar med å sikre ei ny drikkevasskjelde innan 2028.

Kvar einaste dag brukar vi i snitt 182 liter vatn, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Dette er nesten dobbelt så mykje som folk i Danmark. Hult meinar vi som forbrukar kan spare mykje vatn.

Vi kan for eksempel tisse i dusjen.

Tusenvis av liter forsvinn

– Tisse i dusjen? Du veit at nokon vil setje kaffien i halsen når dei høyrer det?

– Ja, men det er eit fint tiltak. Vi kan pusse tenna i dusjen og. Dette er i tillegg bra for miljøet, for kommunane brukar mykje straum på å reinse vatnet.

Frode Hult er seksjonsleiar i Vann- og avløpsetaten i Oslo kommune

MÅ SLUTTE Å SLØSE: Frode Hult i Vann- og avløpsetaten i Oslo kommune meiner nordmenn må tenke meir over forbruket sitt.

Foto: Privat

Her er Hult sine tips til å spare vatn:

  • Slå av vatnet når du pussar tennene
  • Tiss i dusjen om morgonen
  • Bruk spareknappen på do
  • Skrap matavfall av fat og bestikk, utan å skylle før du set det inn i oppvaskmaskina
  • Vask kun fulle oppvaskmaskiner
  • Kjøp oppvaskmaskin og vaskemaskin som ikkje brukar så mykje vatn
  • Ikkje vatn plenen din. Ein vasspreiiar brukar rundt 1000 liter i timen
  • Bruk kanne når du skal vatne blomar og busker i hagen

Det er stor forskjell på kor mykje vatn vi har rundt om i landet. Store byar brukar mykje meir enn småbygder, og nokon har fleire vasskjelder enn andre.

– Dersom vi er flinke å spare på vatnet får kommunen også meir pengar til å fikse lekkasjane i vassrøyra.

Eit stort problem

For det største problemet vi har er eldgamle vassrøyr. 30 prosent av vassrøyra i Noreg lek, og det vil koste over 200 milliardar å fikse alt. I Trondheim kommune jobbar dei med dette kvar dag.

– Det er eit stort problem. Mykje av vatnet forsvinn på grunn av lekkasjar, seier Marius Fjellås.

Han og Bjørn Mo er lekkasjesøkarar i Trondheim bydrift, der dei jobbar med å lokalisere lekkasjar. Kvar veke finn dei nye hol i røyra.

Men i Trondheim er dei litt usikre på tissing i dusjen:

– Det er ikkje noko eg vil starte med. Her har vi i tillegg fleire vasskjelder enn Oslo, så vi har nok vatn. Men sjølvsagt er det bra om vi klarar å spare litt, seier Fjellås.

Marius Fjellås i Trondheim bydrift

LEKKASJESØK: Marius Fjellås i Trondheim bydrift jobbar med å lokalisere lekkasjar.

Foto: Helene Solheim / NRK