Hopp til innhold

Gjeldstynga Norske Skog i motvind

Milliardkonsernet Norske Skog som vart starta på Skogn i Nord-Trøndelag, slit stygt med gjeld dei ikkje lenger kan handtere.

Norske Skog, Skogn

Norske Skog er i akutt gjeldstrøbbel. Her Norske Skog sin morfabrikk i Skogn i Nord-Trøndelag.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Norske Skog-konsernet med 2700 tilsette, må freiste finne andre løysingar på den akutte gjeldsklemma dei er oppe i, etter at selskapet i går innrømte at dei ikkje fekk ja frå nok kreditorar i ein plan om å få sletta ein del av gjelda som er på 8 og ein halv milliard.

Strid mellom amerikanske fond

Konsernet kom ikkje i mål med planen, fordi det vart strid mellom dei største amerikanske gjelds-givarane om kven som tapte mest, slik avtalen var sett saman.

Eit av verdas største investeringsfond – Blackstone, har lånt ut mykje penger i usikra lån til Norske Skog, og freister få betre sikring for sine investeringar i selskapet. Mens Citibank er den andre grupperinga i denne striden, som mellom anna har ført til ein dom i ein domstol i New York denne veka.

Ny frist gir truleg same resultat

Ein utsett frist på dagens tilbod til kreditorane med ny dato for å seie ja 21. mars, er ikkje venta å gi endra resultat for selskapet.

Norske Skog er i ei sers akutt gjeldskrise, selskapet har ikkje pengar dei neste par åra til å betale tilbake renter og avdrag på alt dei skylder.

Dagens Næringsliv skreiv i går at gjelda til papirgiganten no i realiteten er på 12 og ein halv milliard, og at selskapet kan kome til å sette norsk rekord i misleghald av gjeld.

Orienterte børsen om situasjonen

Norske Skog sende ut børsmelding om situasjonen i fredag ettermiddag. Den var ikkje lysteleg lesing, verken for selskapet sine tilsette i Trøndelag, eller alle dei skogeigarane som på eit eller anna vis har vore delaktige i oppbygginga av Norske Skog gjennom femti år, i Trøndelag og Noreg.

Ein realitet er no at selskapet enten kan gå mot ein konkurs, eller at papirgiganten kan bli kjøpt opp av eit større konsern.