Hopp til innhold

Aldri før er det talt fleire moskuskalvar på Dovre

Moskusen på Dovre har vore produktive i det siste.

Moskus på Dovre

REKORDÅR: Det er rekordmange moskuskalvar på Dovre i år. Kvifor det er slik, har ikkje Miljødirektoratet eit godt svar på.

Foto: Bjørn Ranbru / Statsforvalteren i Trøndelag

Under kalveteljinga i sommar fann Miljødirektoratet 74 eldre moskus og 60 kalvar på Dovre.

– Vi har aldri sett så høge tal tidlegare, seier Knut Morten Vangen.

Han er seksjonsleiar for viltseksjonen i Miljødirektoratet.

– Det er gledeleg at vi har ein god produksjon av kalv i bestanden, fortsett han.

– Kvifor trur de moskusen på Dovre produserer så godt i år?

– Vi har ikkje noko god oversikt over det, seier Vangen.

Vil ikkje ha meir enn 200 moskus

Miljødirektoratet gjennomfører teljingar tre gongar i året.

Talet på kalvar som døyr om sommaren varierer. I haust skal Miljødirektoratet telje kor mange som har overlevd. Dersom bestanden ser ut til å bli for stor, kan dei ende opp med å måtte skyte dyr for å halde bestanden nede.

Målet er nemleg at det ikkje skal vere meir enn 200 moskusar på Dovre. Moskus blir rekna som ein framand art i Noreg.

Finn ikkje alle dyra

Om du la saman to og to, la du kanskje merke til at Miljødirektoratet fann godt under 200 dyr i sommarteljinga.

Årsaka til at det likevel kan bli aktuelt med såkalla regulering av bestanden er at dei ikkje klarer å finne alle dyra i bestanden om sommaren.

– Vi kan rekne ut totaltalet på kalvar når vi kjenner talet på vaksne kyr i bestanden, seier Vangen.

Dei veit at skal vere rundt 105 vaksne kyr i bestanden basert på teljinga i vinter og kjente dødsfall.

Dei reknar derfor med at det totalt er 85 moskuskalvar på Dovre no.