Hopp til innhold

Skal ikkje skyte moskusar på Dovrefjell likevel

I vinter skulle eigentleg 25 moskus skytast på Dovrefjell. Men no har fleire kalvar mista livet, og bestanden er derfor stabil.

Moskus knuffer i snødrev

BLIR VERANDE: Det blir ingen målretta uttak av moskus på Dovrefjell denne vinteren.

Foto: Sigbjørn frengen

– Sidan bestanden no er under 200 individ, vil det ikkje vere aktuelt med målretta uttak denne vinteren.

Det seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Måndag skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding at moskusteljinga på Dovre i februar viste ein svak nedgang i talet på moskusar frå i fjor.

Årsak:

Det er registrert at fleire kalvar har mista livet.

Svært mange døde

I forvaltningsplanen står det at det skal vere maksimalt 200 moskusar på vinteren.

– I år vart det registrert 203 dyr, av desse var det 21 kalvar og 182 eldre dyr. Talet er som forventa noko lågare i vinter enn i fjor vinter, då det vart funne 214 dyr, seier Myklebust.

Tidlegare i februar leidde mannskap frå SNO årets vinterteljing med hjelp frå Oppdal Bygdeallmenning, Dovre Fjellstyre og Lesja fjellstyre, melder Miljødirektoratet.

– Overlevinga til kalvane varierer frå år til år. I 2023 døydde svært mange kalvar av lungebetennelse.

Ein svært våt sommar skapte vanskelege forhold for kalvar og gode forhold for utvikling og smitte av bakteriar som gir lungebetennelse, forklarer Myklebust.

Ein del kalvar døydde også av sjukdomen munnskurv. Frå september 2023 til februar 2024 vart kalvebestanden redusert frå 43 til 21 kalvar.

– Viktig å følge bestanden tett

Moskus er ein såkalla framand art og høyrer strengt teken ikkje heime i den norske naturen, skriv Miljødirektoratet.

Derfor er det viktig å følgje bestanden tett og halde løpande oversikt over tal, produksjon og dødelegheit.

En moskus ligger på et slettelandskap og blir truffet av regnbuen.

Moskusbestanden på Dovrefjell er stabil, ifølge Miljødirektoratet.

Foto: Roger Brendhagen

I forvaltningsplanen frå 2017 er det eit mål om at bestanden på vinteren ikkje skal overstige 200 dyr, og ein har sidan då redusert vinterbestanden varsamt ned frå rundt 250 dyr. SNO er ansvarleg for å ta ut dyr, dersom det er aktuelt.

For å sikre ei god forvaltning av moskusen på Dovre, har Statsforvaltaren i Trøndelag eit ekstra ansvar for å samordne og rettleie dei ulike aktørane som er involverte, melder Miljødirektoratet.

Som ei oppfølging av dette har Statsforvaltaren utarbeidd ein forvaltningsplan som gir oversikt over forvaltningsmål, tiltak, og roller.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen