Hopp til innhold

Fryktar BBC-serie vil ramme moskusen

15.000 turistar er årleg på Dovrefjell for å sjå på moskusen. Med den nye serien til Sir David Attenborough fryktar fleire at talet skyt i veret og at Dovre blir den nye Trolltunga.

Moskus på Dovre klar til kamp

KAMP: Moskusane på Dovre viser musklar. (Dette biletet er ikkje frå BBC-serien).

Foto: Asbjorn Losen

– Dette er artar som allereie har ein svært stor belastning i enkelte område, og som vi følger godt med, seier Frode Aalbu hos Statens naturoppsyn (SNO).

Naturserien frå BBC viser storslåtte bilete av dei mektige dyra i fjellheimen på Dovre. Eit unikt opptak viser to moskusar som barkar saman i ein intens kamp. Fotografen James Ewen fanga augneblikket han kalla ei «Once in a lifetime»-oppleving.

Serien har allereie blitt vist i mange land og har blant anna hatt mange sjåarar i USA.

Utdrag frå BBC-serien «Seven Worlds, One Planet». BBC har laga ein episode for kvar verdsdel, og moskusen har fått ei sentral rolle i episoden om Europa.

UNIKT: Moskus på Dovrefjellet har fått ei sentral rolle i Europa-episoden i BBC sin nye naturserie «Seven Worlds, One Planet». Videoen er gjeve att med tillating.

All turismen som kan kome no kan gå utover både moskusen og villreinen som bur i området. Derfor hastar det å få på plass info, meiner fleire.

Lagar ny nettside

– Vi må prøve å fange opp flest mogleg av dei som begynner å søke opp «musk ox» på Google, seier Carl S. Bjurstedt, som er nasjonalparkforvaltar på Dovrefjell.

moskusguide, Stein Pedersen

RARE SPØRSMÅL: Moskusguiden, Stein Pedersen seier turistane trur dei kan gå innpå moskusar åleine.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Fylkesmannen i Innlandet, Dovrefjell nasjonalparkstyre og Nasjonalparkriket Reiseliv jobbar med å få opp ei ny nettside med informasjon til særleg utanlandske turistar.

Der vil dei fortelje korleis folk bør oppføre seg i møte med dyra og tipse om at det er lurt å gå med guide. Dei er redde folk kjem til å prøve å nærme seg dyra åleine.

– Vi får mange rare spørsmål frå folk som trur dette er enkelt å gjere. Dei vil gjerne vere omtrent på ryggen til moskusen før dei er nøgde, seier moskusguide, Stein Pedersen.

Moskus ved Grønbakken på Dovre

STASELEG: Moskusen reagerer annleis enn villrein på menneskeleg nærvær. Medan villreinen er sky og trekkjer seg unna, er moskusen meir i ro. Da kan det vere stressande om den store delar av dagane i sommarmånadene vil vere nøydd til å ta omsyn til menneske.

Foto: Bjarte Johannesen

Fryktar for totalbelastninga

Det er særleg for artane moskus, villrein og fjellrev at auka trafikk av turistar kan få store konsekvensar.

SNO seier det heile balanserer slik det er i dag, men at dei kan sjå at i enkelte område er dyra helt i grenseland av kva dei syns er greitt.

Fjellrev

UTSETT: Fjellreven er ein tillitsfull type rev. Ifølge SNO er fjellreven særleg utsett i yngletida. Og sjølv om den ikkje oppsøkast av så mange menneske i gongen, vert ein og annan til saman til ein stor sum i løpet av eit år.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Villreinen trekker seg unna folk, moskusen får kanskje ikkje den kvila og matroa den trenger, og fjellreven er særleg utsett i yngletida, seier Aalbu.

Han meiner det er viktig at ein ser på totalbelastninga dyra får sett under eitt.

Forvaltninga har vurdert om ein bør sete inn avgrensingar i området, men retten til fri ferdsle i Noreg gjer det vanskeleg.

– Vi kan ikkje seie til folk at dei ikkje får lov til å gå der. Vi har berre moglegheita til å gjere det attraktivt å følge moskusstien og gå med guide, seier Carl S. Bjurstedt.

Carl S. Bjurstedt, som er nasjonalparkforvaltar på Dovrefjell.

NETTSIDE: Carl S. Bjurstedt trur det blir mange moskus-turistar etter BBC-serien.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Vil samarbeide med reiselivet

Den store turismen dei ventar no er sjølvsagt også positivt for reiselivet i området. Fylkesmannen har derfor sett i gang eit samarbeid med reiselivet.

Merethe Sandum hos Fylkesmannen i Innlandet

INFO: Merethe Sandum hos Fylkesmannen er oppteken av å få ut info slik at ein kan verne om dyrelivet.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Vi må prøve å ligge i forkant. Fylkesmannen vil få på plass ein felles langsiktig strategi for kva vi ønsker for nasjonalparkane framover, seier seniorrådgjevar, Merethe Sandum hos Fylkesmannen i Innlandet.

SNO er spent på kva BBC kan ha å seie for påtrykket av folk i fjellet på Dovre.

– Vi veit ikkje om BBC-serien vil føre til auka turisme i området til moskusen, villreinen og fjellreven, men vi veit at desse artane er sårbare, seier Aalbu.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen