Moen-saka til Kongen

Justisdepartementet nektar innsyn i eit dokument i granskingsrapporten. Det gjer at saka kjem på Kongen sitt bord.

Fritz Moen og John Christian Elden
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Det er advokaten til Moen, John Christian Elden som ikkje godtek at dokument knytta til granskinga av saka blir nekta offentleg innsyn. Rapporten gjev knusande kritikk av politi, rettsapparatet og sakkunnige.

- Skjuler noko

Justisdepartementet meiner vedlegga til granskingsrapporten er til internt bruk, og derfor ikkje skal vere tilgjengeleg for offentlegheita. Advokat John Christian Elden meiner departementet held viktig informasjon tilbake:

- Det er uforståeleg at departementet legg tausheit over grunnlaget for ein rapport som kastar lys over norgeshistoria sitt verste justismord, og som gjev kraftig kritikk av myndigheitene. Det seier Elden til Aftenposten.

Vurderar søksmål

Fritz Moen blei uskuldig dømt for to drap på slutten av 1970-talet. Elden og privatertterforskar Tore Sandberg vurderar no om dei skal gå til sak mot dei som var med å få Fritz Moen uskuldig dømt.