Hopp til innhold

Mobilkran tok fyr på E6

Ein mann i førtiåra merka ein ulyd i mobilkranen si og gjekk ut for å sjekke.

Då han kom ut, såg han at det kom flammer frå motoren.

– Det var heilt udramatisk for føraren. Han blei ikkje skadd, seier operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt Morten Evensen til NRK.

Uskadd frå brannen

Politiet fekk melding om hendinga klokka 0020. E6 er no delvis stengt ved Sæterhaugen i Grong etter at mobilkranen på rundt 35 tonn tok fyr i natt.

Ifølgje politiet må det spesialutstyr til for å få fjerna kranen.

– Vi sendte to kranbilar, men dei greidde ikkje å handtere det, seier operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK.

Ukjent årsak

Klokka 0700 kom det ein større kran for å hjelpe til med bergingsarbeidet.

– Mobilkranen veg mellom 35 og 40 tonn, så dette er tunge saker, seier Ravlo.

Trafikken blir dirigert på staden. Det er ikkje kjent kvifor det begynte å brenne.