Hopp til innhold

Mikael og Åge til Stiklestad

Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe spelar saman under Olsokdagane på Stiklestad i sommar.

Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe
Foto: Knut Falch / Scanpix

Tirsdag 28. juli er det duka for sterke opplevingar i Borggården på Stiklestad i Verdal.

Då besøker nemleg Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe Olsokdagane. Dette er den einaste konserten duoen held i Noreg i sommar.

- Vi er glade for å kunne presentere Aleksandersen og Wiehe for publikum, her på Stiklestad, under Olsokdagane. Billettane til konserten er no lagt ut for sal, og publikum kan begynne å glede seg til Aleksandersen og Wiehe entrar scenen og inviterer publikum inn i sitt musikalske skattkammer, seier marknadssjef ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter Viggo Iversen i ei pressemelding.

Variert repertoar

Mikael Wiehe og Åge Aleksandersen
Foto: Pressebilde

Begge artistane har lang fartstid som musikarar. Det gir duoen eit enormt repertoar å velje i. Målet er å ta publikum med inn i stemningsberande historiar om kjærleik, livet, samfunnet og artige opplevingar frå livet på vegen.

Aleksandersen og Wiehe bind konserten saman med å fortelje historiane bak songane. Dei går djupare og utfyller kvarandre før dei glir over i neste song.

- Dei kjenner kvarandre godt og samspelet er meisterleg, seier Iversen.

Populære karar

Duoen heldt 22 konsertar på forrige turne. Alle blei selt ut. Dei har også spelt saman i 50 års dagen til statsminister Jens Stoltenberg.

Les også: Åge + Mikael = turné

Til konserten i Borggården på Stiklestad er det lagt ut 700 billettar.

Konserten startar kl 2130.