Hopp til innhold

Mannen som forlèt nachspielet: – Tenkte at det kunne ha vore meg

Han var med heim til drapstiltalte saman med mannen som vart drepen der. I ettertid har han tenkt ein del på om det kunne ha vore han som enda livet sitt i leilegheita i Stjørdal.

Vitne rettssak drap Stjørdal

FORLÈT STADEN FØR DRAPET: Mannen i slutten av 20-åra fortel om litt diskusjon, men ingen krangel så lenge han var der.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Tiltalte i 50-åra har erkjent det som skjedde i Stjørdal i fjor, men seier at han handla i sjølvforsvar.

Avdøde var invitert heim til tiltalte på etterfest saman med ein annan mann i mai i fjor.

Les også 13 kniv- og stikkskadar på avdøde: Tiltalte nektar straffskuld

Drap Stjørdal. Politiets krimteknikere og representanter fra begravelsesbyrået bærer ut den avdøde på båre. Det er fem personer som bærer

Bra stemning, men litt diskusjon

Vitnet i slutten av 20-åra var på etterfesten hos tiltalte i halvannan time natt til 21. mai.

Den andre gjesten var Leif-Arne Nicolaisen. Han vart drepen i leilegheita ein gong på sundags morgon eller føremiddag.

Vitnet forklarte seg i Trøndelag tingrett tysdag.

Han fortel om bra stemning, men litt diskusjon blant dei tre.

Aktor, statsadvokat Eli Reberg Nessimo, spør vitnet fleire gonger om kva som var tema for diskusjonen.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimo

Aktor, statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Vitnet svarer han ikkje kan hugse det.

Aktor viser til politiavhøyra med vitnet.

Det skal ha vore ein del prat om lastebilar og om utanlandske damer. Tiltalte sa det var viktig at dei som kom til Noreg vart sett i arbeid.

Ifølgje vitnet reagerte avdøde på dette. Han sa at alle menneske burde behandlast like bra.

I retten stadfester vitnet at dette vart sagt på etterfesten. Men han avviser at det var nokon krangel.

Han hugsar at det låg ein kniv på bordet, kanskje ein brødkniv.

Aktor viser han bilete av det politiet meiner er drapsvåpenet.

Vitnet kan ikkje hugse å ha sett den kniven framme i leilegheita mens han var der.

Vitnet forlèt dei to andre etter halvannan time. Tiltalte følgde han til døra.

Då var klokka om lag 4.30 sundag morgon.

Kniv, drapssak Stjørdal

Kniven som vart funnen på kjøkenet. Tiltalte fortalde at han tørka av blodet.

Foto: Politiet

– Tenkte at det kunne ha vore meg

Vitnet fortel til NRK at han vart kontakta av politiet natt til måndag med spørsmål om noko som hadde skjedd i Stjørdal. Han lurte på kva det var og fekk etter kvart vete om drapet.

Han vart kalla inn til DNA-prøver og til fleire politiavhøyr.

I byrjinga berre freista han å forklare så godt han kunne det han hadde opplevd i leilegheita, fortel han til NRK.

Etter kvart har han fått tenkt meir på at natta enda med at ein av dei tre vart drepne.

– Kva har du tenkt om det som skjedde?

– Eg tenkte jo at det kunne ha vore meg, svarer mannen.

– Sa til meg at han måtte forsvare seg

Like før klokka 19.30 sundag kveld ringde tiltalte til søstera si og fortalde at ho måtte kome fordi det hadde skjedd noko forferdeleg.

Då ho kom dit fortalde han at det låg ein død person på stova hans.

Broren sa han ikkje visste om han hadde stukke avdøde med kniv.

– Han sa til meg at han måtte forsvare seg, seier søstera i retten.

Ho varsla så politiet.

Til politiet viste tiltalte ein kniv på kjøkenbenken som han meinte han hadde brukt.

Søstera fortel at ho var heilt knust då broren vart ført ut i handjarn av politiet.

I retten seier søstera at broren sa til henne at det hadde vore mykje alkohol.

Ho beskreiv broren som ein roleg og fåmælt person.

– Det er heilt uforståeleg det som har skjedd.