Hopp til innhold

Mannen som angreip AUF-ar tiltalt for vald mot tilsett i Kirkens Bymisjon

Mannen som angreip ein AUF-ar utanfor Studentersamfundet i Trondheim, er tiltalt for fleire valdsepisodar og ordensforstyrringar.

Vår Frue Kirke

VÅR FRUE KIRKE. På grunn av pandemien har Bymisjonen flytta tilbodet ut på kyrkjebakken.

Foto: Morten Andersen / NRK

I april slo han ein tilsett i Kirkens Bymisjon utanfor Vår Frue Kirke. Etter den hendinga fekk mannen besøksforbod mot Kirkens Bymisjon.

AUF-saka etterforska i rekordfart

Torsdag kveld stod ei gruppe AUF-arar utanfor Studentersamfundet i Trondheim og venta på at partileiar Jonas Gahr Støre skulle kome ut etter valdebatten.

Den sikta kom bort til gruppa, og slo til AUF-medlem Mathias Solli (20) i andletet. Ifølgje vitne skal sikta også ha ropt:

«Breivik hadde rett. Dere skal alle dø».

I rekordfart har politiet i helga avhøyrt vitne dei meiner kan ha opplysningar om det som skjedde utanfor Samfundet.

– No er det opp til påtalejurist å avgjere kva den sikta eventuelt skal tiltalast for i den siste saka.

Det seier Marit Johanne Bye til NRK. Ho leiar spesialavsnittet ved Sentrum politistasjon.

Hadde ikkje anna val enn å be om besøksforbod

Den sikta i 60-åra er godt kjend for politiet i Trondheim frå før.

I slutten av april skal han med knyttneven slått ein tilsett i Bymisjonen i andletet.

Det skjedde utanfor Vår Frue Kirke, der rusmisbrukarar og andre som slit får tilbod om mat og samtalar.

På grunn av pandemien er tilbodet flytta ut på bakken.

Sover på en kirkebenk i Vår Frue Kirke

OPEN KYRKJE: Bymisjonen ønskjer å hjelpe personar som har det vanskeleg i livet.

Foto: Morten Andersen / NRK

Seksjonsleiar Stein Bratseth i Kirkens Bymisjon fortel at dei av og til må be besøkande om å forlate kyrkja.

– Dersom nokon oppfører seg på ein måte som gjer det utriveleg, pleier vi å gje dei eit brev om at dei må halde seg borte ei stund, seier Bratseth til NRK.

Men sidan tilbodet no er utandørs, måtte Kirkens Bymisjon syte for at vedkomande heller ikkje oppsøkte området der.

Det er første gongen vi har bede om besøksforbod, men her var det einaste utvegen seier Bratseth.

Den sikta godtok ikkje besøksforbodet han fekk 20. mai av politiet. Dermed måtte retten avgjere saka. I kjennelsen frå 9. juni skriv Trøndelag tingrett:

«Påtalemyndigheten grunnga besøksforbudet med at siktede i lengre tid har opptrådt skremmende og hensynsløst mot ansatte og brukere ved Kirkens Bymisjon ved Vår Frue kirke i Trondheim».

Mannen møtte i tingretten og hadde ei anna forklaring på kva som skjedde utanfor kyrkja.

Besøksforbodet går ut om ei veke.

Bymisjonen kjem ikkje til å be om at det blir forlenga.

– Vedkomande er velkomen tilbake, seier Bratseth.

Vår Frue Kirke

IKKJE UVANLEG: Politiet må ofte rykke ut etter usemje og vald som oppstår i eller utanfor kyrkja midt i Trondheim sentrum.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Pågripen då han oppsøkte Bymisjonen på nytt

Fredag kveld fekk politiet melding om at mannen hadde oppsøkt området utanfor kyrkja, trass besøksforbodet. Då han skulle arresterast slo han etter ein politibetjent, opplyser politistasjonssjef Arve Nordtvedt til NRK.

Politiet kopla han raskt til det som hadde skjedd utanfor Studentersamfundet torsdagen. Han ønska ikkje å forklare seg.

Mannen var rusa, måtte overnatte i arresten og vart sluppen fri laurdag.

Dei tidlegare straffesakene mot mannen er enno ikkje beramma for retten.

NRK har snakka med den tilsette i Kirkens Bymisjon som vart slått, men han ønskjer ikkje å la seg intervjue.