Hopp til innhold

Mann i 60-åra mistenkt for å ha slått ned AUF-ar

Han skal ha ropt «Breivik hadde rett. De skal alle døy». Fredag vart ein mann i 60-åra arrestert og mistenkt for valdshendinga.

Aufarar møtte Jonas Gahr Støre utanfor Studentersamfundet i Trondheim torsdag kveld.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre vart gratulert av AUF-arane etter TV-debatten torsdag. Først etter midnatt skal han fått vite at ein av dei vart slått ned same kveld.

Foto: Privat

Etter partileiardebatten torsdag kveld hadde Julie Indstad Hole og rundt 30 andre AUF-medlemmar samla seg utanfor Studentersamfundet i Trondheim.

– Vi ville berre gratulere Jonas Gahr Støre med ein godt gjennomført debatt, seier Hole.

Vitne til hendinga anslår at gjerningsmannen var i 60-åra. Han skal ha ropt til dei på avstand før han kom bort til dei.

Då ein av AUF-arane skal ha bede han om å gå frå staden, slo mannen han i ansiktet, skriv Adresseavisen. Dei omtalte saka først.

Ein mann i 60-årene blei arrestert fredag kveld, avhøyrt, og sleppt fri laurdag morgon. Politiet meiner det ikkje er grunnlag for varetektsfengsling, ifølge lokalavisa. Den mistenkte mannen nektar å forklare seg om saka, opplyser politiet.

Mannen er sikta for brot på besøkforbod mot Vår Frues kirke i Trondheim, opplyser politiadvokat Jannicke Evjen Olsen til NRK.

– Politiet vart varsla, og då fekk vi skildring av utsjånad og klede vi kopla til valdshendinga utanfor Studentersamfundet, seier politiadvokat Trygve Angen til Adresseavisen laurdag.

I samband med arrestasjonen skal mannen ha forsøkt å slå mot ein politibetjent. Mannen har no status som mistenkt for tre forhold, i tillegg til at han er sikta for brot på besøksforbod, opplyser politiadvokat Jannicke Evjen Olsen til NRK.

Mannen er mistenkt for kroppskrenking og omsynslaus åtferd, kopla til valdshendinga utanfor Studentersamfundet, og vald mot offentleg tenesteperson i samband med arrestasjonen.

– Det gjer meg vondt og veldig sint

NRK har ikkje lykkast med å få ein kommentar frå den fornærma, som fortel til Adressa at han slapp frå hendinga med blodig munn og ein litt øm kjeve.

Han skal ha hatt på seg AUF-genser. Det var fleire vitne til hendinga, mellom anna tidlegare AUF-leiarar i Trøndelag, Julie Indstad Hole og Håkon Einarsve. Dei beskriv valden som uprovosert.

Julie Indstad Hole, nestleder i Ranheim Arbeidersamfunn, Trondheim. Bildet er tatt i forbindelse med årsmøte i Trøndelag Ap 29.08.20.

AUF: Julie Indstad Hol i AUF. Biletet er tatt i forbindelse med årsmøte i Trøndelag Ap førre sommar.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg synest det var veldig skremmande, seier Julie Indstad Hole til NRK.

– Mannen ropte at «Breivik hadde rett, de skal alle døy». Så tok han eit glas og slo ein av våre AUF-arar i ansiktet, fortel ho.

Hole beskriv hendinga som politisk vald:

– Det er sjokkerande og heilt ufatteleg at denne høgreekstremismen finst midt i Trondheim sentrum. Ekstra spesielt er det sjølvsagt ti år etter 22. juli – at AUF-arar må oppleve noko slikt, det gjer meg vondt og veldig sint.

Ventar at politiet prioriterer saka

Julie Indstad Hole ventar at politiet no prioriterer etterforskinga av saka.

– Når vi blir utsett for politisk vald i ein valkamp så meiner eg at det bør bli prioritert og bli tatt på alvor av politiet, seier ho.

Det er ein alvorleg trussel mot demokratiet vårt. Ein skulle tru at Noreg ikkje var eit land der politisk engasjert ungdom treng politibeskyttelse for å ha på seg ein genser det står AUF på, legg ho til.

Politisjef: – Synes dette er veldig alvorleg

– Det er ei sak som dreier seg om hatkriminalitet retta mot unge politisk engasjerte personar. Det ser vi veldig alvorleg på, seier Arve Nordvedt.

Han er leiar for Sentrum politistasjon i Trondheim.

Politiet hadde fleire patruljar på staden i anledning partileiardebatten. Dei skal ha fått høyre om valdshendinga rundt ti minutt etter at AUF-aren vart slått ned, fortel Nordvedt.

Fleire av AUF-arane som var til stades er kritiske til at politipatruljane som allereie var på staden ikkje gjorde meir for å hjelpe dei. Dei er også kritiske til at dei fekk beskjed om å trekke seg unna staden dersom dei følte seg utrygge.

– Våre tenestemenn som var på staden, kunne ikkje forlate staden, seier Nordvedt.

Årsaka til det var at politifolka som jobba på arrangementet hadde i oppdrag å passe på sikkerheita til partileiarane.

Dei sende derfor ein annan patrulje til staden for å søke etter den mistenkte.

Han forstår at hendinga var ubehageleg for AUF-arane.

– Det er det berre å beklage. Vi synest det er leit at det vart så dårleg kommunikasjon mellom politiet på staden og ungdommane frå AUF, seier Nordtvedt.

Stasjonssjef ved sentrum politistasjon i Trondheim, Arve Nordtvedt

TAR SAKA PÅ ALVOR: Arve Nordtvedt er leiar for Sentrum politistasjon i Trondheim.

Foto: NRK

Støre: – Ikkje overraska

I ein kommentar til NTB seier Jonas Gahr Støre at hendinga er sjokkerande, men ikkje overraskande.

– Gong på gong blir AUF-ere utsette for hets og hat – i kommentarfelt, på meldingar og med tilrop. Det som skjedde i går, er endå eit døme på at ord og haldning kan føre til handling. Ekstra alvorleg er det når hatet blir knytt til terroristen frå 22. juli.

Støre meiner det kviler eit tungt ansvar på heile storsamfunnet for å slå ring rundt ungdommane som blir utsette for dette.

Statsminister Erna Solberg (H) seier at det er forferdeleg å høyre om saka.

– Det er forferdeleg å høyre at ein AUF-medlem vart slått ned i etterkant av TV-sendinga i går kveld.

Ho såg sjølv at AUF hadde møtt opp for å heie fram Jonas, og ho seier at ungdomsorganisasjonen bidrog med god stemning i etterkant av sendinga.

– Det er uakseptabelt at folk blir utsette for vald, hets og sjikane på grunn av den politiske ståstaden sin, seier statsministeren til NTB.

En gruppe demonstranter fra Greenpeace ønsker å snakke med Erna Solberg før folkemøtet på Studentersamfundet i Trondheim. Solberg velger å ikke snakke med dem, men heller sende dem en hilsen med hånda

– UAKSEPTABELT: Erna Solberg omtalar hendinga som uakseptabel. På biletet helsar ho på demonstrantar frå Greenpeace før debatten torsdag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

04.09.21: NRK har bytta ut sikta med mistenkt i tittel, og presisert at mannen har status som sikta for brot på besøksforbod og som mistenkt for dei tre andre forholda.