Mann død av svineinfluensa

Ein 59 år gamal mann frå Trøndelag er død av svineinfluensaen ved St. Olavs Hospital.

St.Olavs hospital

Mannen som døydde har ligge på sjukehus i over ein månad.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Ein 59 år gamal mann, som har vore pasient på St. Olavs Hospital lenge, døydde i går av svineinfluensaen, seier informasjonssjef Marit Kvikne ved St. Olavs Hospital til NRK.

Tilhøyrde risikogruppe

59-åringen blei lagt inn på St. Olavs Hospital 12. oktober. Han tilhøyrer risikogruppa og har vore veldig sjuk lenge.

– Han har ligge på intensivavdelinga og vore veldig sjuk lenge. Tilstanden hans har vore svært alvorleg og ustabil, seier Kvikne.

I dag tidleg var fire pasientar innlagt på St. Olavs Hospital med svineinfluensaen.

– Ingen av desse er intensivpasientar, opplyser Kvikne.

20 døde i Noreg

På landsbasis har 20 menneske mista livet av svineinfluensaen.

Torsdag i førre veke døydde ei kvinne i 60-åra ved Stavanger Universitetssjukehus.

Siste fra Trøndelag

Elisabeth Strand Mølster

TV-nyheter med Elisabeth Strand Mølster

TV-nyheter med Elisabeth Strand Mølster