NRK Meny
Normal

Målet er å få skipet av grunn i dag

– Men først må me avklare når losseoperasjonen kjem i gang, seier vaktleiar i Kystverket, Jan Willy Holbu.

Norgeskart.no

Lasteskipet Scan Master grunnstøytte utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune.

Foto: Kjartan Ovesen

Det 72 meter lange lasteskipet med eit mannskap på seks, grunnstøytte natt til søndag. Ingen personar vart skadd, og det var heller ikkje lekkasje frå skipet, opplyste Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS).

Søndag formiddag opplyste HRS at skipet skulle verte fjerna ved flo sjø ved 01-tida natt til mandag. Men planen vart utsett på ubestemt tid.

MS Scan Master er eigd av Grøntvedt Shipping på Brekstad, og er på 1250 dødvekttonn. Båten har trafikkert kysten av Midt-Noreg i fleire år.

Flo sjø

Planen er at skipet skal av grunn i dag, opplyste Kystverket tidlegare i dag til NRK.

– Det er jo planen, men me må avklare med rederia og få planar for losseoperasjonen. Det er høgvatn kvar tolvte time og me er heilt avhengige av å kunne trekke det av grunn når vatnet er på sitt høgaste, sa Jan Willy Holbu.

Neste gong det er høgvatn er kl. 13.30 i ettermiddag.

Liten fare for lekkasje

Skipet er ein ombygd produkttankar som i dag fraktar fiskeavfall. Ombord er det 15 kubikk med diesel.

– 8 kubikk ligg i ein skjerma tank og resten i skrogtanken. Det er liten fare for lekkasje, sa Jan Willy Holbu.

Losse fiskeavfall

– Me skal finne ut korleis me skal losse fiskeavfallet i løpet av dagen, heldt Holbu fram.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.