Hopp til innhold

Leiter etter 800 år gammalt lik

Torsdag blir brønnen på borgplatået på Sverresborg granska. Skjelettet av birkebeinaren som vart kasta i brønnen av baglarane for over 800 år sidan, skal hentast opp. Om han framleis er der.

Skjelettet i brønnen

I 1938 vart eit skjelett funne i brønnen på Sverresborg. Det er dette det no blir leita etter.

Foto: Gerhard Fischer

Graver i brønn etter eldgammelt lik

Dette er brønnen kor skjelettet vart funne i 1938. Om det framleis ligg der, står att å sjå.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK
Graver etter eldgammelt lik

Her kan dei vere på sporet. Desse grove treplankane kan vere dei same som på bildet frå 1938.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK
Kan være på sporet.

Nærbilde av plankane som ligg i jorda nede i brønnen.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Ruinane av Sverresborg i Trondheim har ei spennande historie. I dag skal ein heilt spesiell del av historia fram i lyset.

Mannslik i brønnen

Brønnen blir undersøkt, der skal det ifølgje soga ligge eit mannslik som har ligge der heilt sidan kampane mellom baglarar og birkebeinarar i 1197.

Baglarane tok borgen, og ville mellom anna forgifte drikkevatnet med å kaste eit lik i brønnen.

Slik står historia i kong Sverres saga:
«Baglarane tok alt godset som var i borga, og etterpå brende dei kvart eit hus som var der. Dei tok ein død mann dei fann der, og velte han ned i brunnen, og så førte dei stein i, til det var fullt. Dei sette bymennene til å bryte ned alle murane før dei skildest, og dei brende alle langskipa til kongen før dei fór bort. Så tok dei i veg til Opplandet att, tykte og dei hadde vunni flust med gods

– Vi er ikkje heilt sikre, men sjansen for at vi skal finne noko, er ganske stor, seier direktør ved Sverresborg Trøndelag folkemuseum, Torunn Herje.

– Skjelettet er jo allereie funne ein gong, og det skal ganske mykje til for at det ikkje er restar att av det, seier ho.

Fann skjelett på 30-talet

Torunn Herje, direktør for Sverresborg Trøndelag folkemuseum

Torunn Herje, direktør for Sverresborg Trøndelag folkemuseum.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Skjelettet vart nemleg funne for mellom 70 og 80 år sidan.

Ruinane vart undersøkt fleire gonger på 1700- og 1800-talet, men det mest omfattande utgravingsarbeidet var det arkitekt Gerhard Fischer og dåverande sjef for Folkemuseet på Sverresborg, Sigurd Tiller, som gjorde i åra 1936–1939.

Under desse utgravingane vart brønnen på Sverresborg pumpa tom for vatn. Og på botnen låg eit skjelett, som vart sett på som eit ekte birkebeinarskjelett av Fischer. Brønnen vart sidan ikkje graven ut, og skjelettet ligg der framleis.

Det er mellom anna dette skjelettet Riksantikvaren og Norsk institutt for kulturminneforsking, NIKU, no leiter etter. Med seg i felt har NIKU ein osteolog som er ekspert på menneskebein, og ein kriminalteknikar frå politiet som skal hjelpe til med å vurdere omstenda rundt liket i brønnen.

Har funne plankar

Alt som ligg i brønnen blir henta opp.

– Vi har funne mykje frå 2. verdskrigen, det er naturleg etter som tyskarane okkuperte Sverresborg. Her var det svært stor aktivitet, og derfor er det logisk at vi finn mykje materiale frå krigen, seier Torunn Herje.

I 1938 fylte dei sand over funnet, med tanke om å komme raskt tilbake. Midt på dagen torsdag fann feltarbeidarane grove plankar som kan sjå ut som dei på bildet frå 1938.

– Dersom vi finn skjelettet, og kan få det tidfesta til kong Sverres tid, er det heilt unikt. Det er ikkje ofte ein kan få stadfesta ei historie frå soga, seier Torunn Herje.

Sverresborg er ein ruin som ligg på ein fjellknaus over Steinberget i Trondheim. Borga, som er den eldste steinborga kjent i Noreg, vart bygd av kong Sverre Sigurdsson vinteren 1182–83 som forsvar i borgarkrigstida. På slottsfjellet levde Sverre med familien og mennene sine, og frå borga forsvarte han posisjonen sin. Sjølve forma på borgfjellet gjorde anlegget vanskeleg å angripe og lett å forsvare. Borga var truleg danna av eit kraftig porttårn med bygningsfløyer og med mur rundt resten av platået. Den var stadig under angrep og vart atterreist fleire gonger.