Mannen var erklært død to gonger – ekskona tiltalt for drapsforsøk med plantegift

Mannen hennar vart akuttinnlagt 11 gonger og erklært klinisk død to gonger, men gjenoppliva på sjukehuset. No er ekskona tiltalt for drapsforsøk.

Storhjelm.

DØDELEG: Storhjelm er ei vakker, men svært giftig plante. Ved den siste innlegginga viste blodprøver spor av nervegifta akonitin.

Foto: NRK

Kvinna i 50-åra skal ha narra mannen til å ta plantegift gjennom drikke og/ eller mat, ifølgje tiltalen frå Statsadvokaten i Trøndelag.

Blodprøver som vart tekne ved den siste innlegginga i mai 2020, viste spor av nervegifta akonitin. Den finst berre i planter i hjelmfamilien.

Innlagt 11 gonger i løpet av eitt år

Planta storhjelm er ei kjent prydplante i særleg gamle, norske hagar.

Men den inneheld nervegifta akonitin som lammar musklane og gir puste- og hjarteproblem. Storhjelm vart tidlegare brukt som pilgift under jakt.

Den tiltalte kvinna hadde ei plante på verandaen av typen blåregn. Også den er giftig.

Ho har forklart at det også kom opp andre vekstar i potta og at ho kasta planta bak garasjen 26. mai i fjor. Då var mannen innlagd på nytt og det vart funne akonitin i blodet hans.

– Frå sommaren 2019 til sommaren 2020 vart mannen innlagt 11 gonger – alle akutte. Ti av desse har vore ved St. Olav hospital, der han ved to høve har hatt hjartestans. Det var i februar og april i fjor, seier førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes til NRK.

Et skilt utenfor St. Olavs hospital i Trondheim, som viser vei til de ulike byggene på sykehuset.

AKUTTINNLAGD: Den dåverande ektemannen til tiltalte var innlagd på St. Olavs hospital i Trondheim mange gonger i løpet av eitt år.

Foto: ANDERS WERNER ØFSTI / NRK

Etterforskinga har ikkje avklart korleis mannen fekk i seg akonitin og om det var andre gifter som gjorde mannen svært sjuk tidlegare.

Fann giftplante i fellessøpla

Politiet undersøkte eigedomen to dagar etter at mannen siste gongen vart innlagt. Ein nabo opplyste då at det låg ei plante i fellessøpla.

Planta var av typen storhjelm eller fagerhjelm, ifølgje botanikar.

Kvinna vart då varetektsfengsla, men nekta å ha noko med tilstanden til mannen å gjere. Ho sat i varetekt til oktober for å hindre at eventuelle bevis vart øydelagde.

I byrjinga avviste mannen at ho kunne ha forgifta han. Ifølgje rettsdokument sa han at «forholdet var heilt topp».

Ho meiner han kan ha forgifta seg sjølv for å få merksemd frå henne. Dei er no separerte.

Ekskona har forklart at mannen fleire gonger sa at han ønska å døy. Dette stemmer ikkje med opplysningar frå helsepersonell, ifølgje fengslingsdokument.

Søkte på nettet etter giftige planter

Tiltalte har opplyst at ho er svært interessert i planter, og at ho kjenner til hjelmblomsfamilien.

– Det er gjennomført ganske omfattande undersøkingar av nettbruken hennar, knytt opp mot giftstoff, seier Soknes.

Beslag av mobil og datamaskin viser at tiltalte svært mange gonger har søkt etter opplysningar om giftige planter.

Men søkehistorikken går ikkje lenger tilbake til 3. april 2020. Det er sannsynleg at ho har sletta den, går det fram av ei tidlegare rettsavgjerd frå lagmannsretten.

Vibeke Meland

BISTANDSADVOKAT. Vibeke Meland seier eksmannen til tiltalte no er i full jobb og lever eit tilnærma normalt liv.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Vibeke Meland er bistandsadvokat for mannen.

Ho opplyser til NRK at fornærma no lever tilnærma som normalt og er i full jobb.

Tiltalte vanskeleg å finne

Tiltalen vart tatt ut av statsadvokaten i slutten av juni. Regelen er at personar skal få vete om at dei er tiltalte, før dei les om det i media.

Det er politiet som skal forkynne tiltalen, men det har ikkje vore lett i denne saka.

Kvinna flytta til ein annan kommune i Trøndelag i vår, men var ikkje å finne der då politiet sende ut ei patrulje i byrjinga av juli.

Sidan etterforskninga av saka hennar var ferdig, hadde politiet ikkje høve til å spore henne via mobiltelefonen hennar.

I byrjinga av august vart tiltalte etterlyst i Sverige og Danmark hvis det viste seg at ho hadde reist utanlands. Det ga ingen resultat.

Onsdag bestemte derfor statsadvokaten at tiltalen likevel skulle bli kjent for ålmenta trass i at politiet ikkje har klart å finne henne.

Forsvarer John Berg seier til NRK at tiltalte framleis nektar for å ha forgifta den dåverande ektemannen.

Rettssaka skal gå ei heil veke i Trøndelag tingrett til hausten. Der skal også seks sakkunnige forklare seg.