Hopp til innhold

Sikta for å ha forgifta ektemannen – trivst i fengselet

To gonger vart mannen redda frå døden på sjukehuset. Tredje gongen han vart innlagd, varsla sjukehuset politiet. Kona nektar for å ha forgifta han.

Trondheim fengsel

I VARETEKT PÅ TUNGA I TRONDHEIM: Ei kvinne frå Trøndelag vart torsdag varetektsfengsla i fire nye veker. Ho er sikta for å ha forgifta mannen sin.

Foto: Marit Langseth / NRK

Kvinna i 50-åra er sikta for grov kroppsskade. Torsdag vart ho varetektsfengsla i nye fire veker i Sør-Trøndelag tingrett.

Nabo fann giftplante i søpla

I pinsa vart kvinna frå Trøndelag pågripen av politiet.

Frå februar til mai hadde ektemannen vore innlagd ved St. Olavs hospital i Trondheim fleire gonger med livstrugande skader.

Blodprøve viste spor av nervegifta akonitin som berre finst i planter i hjelmfamilien.

Den sikta kvinna har forklart at ho hadde ei plante på verandaen av typen blåregn. Også den er giftig.

Ho har forklart at det kom opp også andre vekstar i potta, og at ho kasta planta bak garasjen 26. mai. Då var mannen innlagd på nytt.

Politiet med botanikar undersøkte eigedomen to dagar seinare, men fann ingen planter i hjelmfamilien.

Derimot opplyste ein nabo at det låg ei plante i fellessøpla.

Planta var av typen storhjelm eller fagerhjelm, ifølgje botanikaren.

Storhjelm.

GIFTIG PLANTE: Storhjelm kan vere planta som sikta hadde i ei potte på verandaen sin, meiner politiet.

Foto: NRK

Den sikta har opplyst at ho er svært interessert i planter, og at ho kjenner til hjelmblomsfamilien.

Ho nektar for å ha gitt ektemannen noko frå planta, og meiner han kan ha gjort det sjølv for å få merksemd frå henne.

Nettsøk på giftige planter og akonitin

Ektemannen hadde den siste hjartestansen 2. april.

Då kona i juni fekk vete av politiet at det var funne akonitin i blodet hans, hadde ho allereie gjort omfattande nettsøk om giftige planter, ifølgje ei tidlegare rettsavgjerd frå Frostating lagmannsrett.

Den viser også til at det ikkje finst søkehistorikk på mobiltelefonen hennar frå før 3. april 2020. Det er sannsynleg at tidlegare aktivitet er sletta, meiner lagmannsretten.

Planter i hjelmfamilien er ikkje uvanleg å sjå i norsk hagar.

Alle delane av storhjelm er giftige. Akonitin kan gi hjartesvikt og lammingar og ende med døden.

Visse arter av storhjelm blir på engelsk kalla «The Queen of all Poisons» – alle gifters dronning.

Trivst i fengselet

I juni meinte Sør-Trøndelag tingrett at det ikkje var nok grunnlag for å varetektsfengsle kvinna, men lagmannsretten var ikkje samd. Sidan då har kvinna sete i varetekt.

Torsdag denne veka møtte ho på nytt i tingretten. Då motsette ho seg ikkje nye fire veker i varetekt, men var misnøgd med brev- og besøksforbodet.

Ho ønskte å kunne ordne ein del praktiske saker og bad om berre brev- og besøkskontroll, noko retten gjekk med på.

Ifølgje rettsavgjerda sa den sikta at ho trivst i fengselet og ikkje har noko imot å vere der i fire veker til.

– Mistanken mot sikta er styrka gjennom etterforskinga, seier politiadvokat Charlotte Aspehaug til NRK.

MISTANKEN STYRKA: Politiadvokat Charlotte Aspehaug

MISTANKEN STYRKA: Politiadvokat Charlotte Aspehaug meiner saka er svært alvorleg.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Svært mange vitne er avhøyrde, og det er allereie over 1000 dokument i etterforskinga.

Forsvarer John Berg seier til NRK at det ikkje finst bevis i saksdokumenta for at klienten hans har forgifta ektemannen sin.

For nokre år sidan var kvinna sikta for å ha forgifta sonen deira etter at han fekk nyresvikt. Saka vart lagt bort i mangel på bevis.

Etter det NRK erfarer er barnet igjen avhøyrt i samband med den nye siktinga mot mora.

INGEN BEVIS: Forsvarer John Berg

IKKJE BEVIS: Forsvarer John Berg meiner det ikkje finst bevis for at sikta har forgifta mannen sin.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Framleis i sjokk over at den tidlegare ektefellen kan ha gjort noko sånt

I ein tidlegare fengslingskjennelse skriv retten:

«Fornærmede har også forklart at det aldri har vært noen utfordringer eller konflikter i forholdet, men at forholdet er topp», heiter det i rettsavgjerda.

– Det har tatt lang tid for han å innsjå at den tidlegare ektefellen kan vere skuld i forgiftinga, seier Vibeke Meland til NRK fredag.

Ho er bistandsadvokat for den fornærma mannen.

– Han er framleis i sjokk over at den tidlegare ektefellen kan ha gjort noko sånt. Han sit med mange spørsmål om kvifor ho eventuelt har ønskt å gjere dette.

Bistandsadvokaten seier klienten fullstendig avviser at han har hatt noko med slike planter å gjere.