Hopp til innhold

Fekk gå fri etter Nav-brann og truslar – så angreip ho tilsette med kniv og barberblad

Kvinna har i lang tid vore ein trussel mot offentleg tilsette. Men etter ein brann fekk ho berre to veker i varetekt, og gjekk fri. Seks månader seinare angreip ho med kniv.

En krimtekniker iført hvit kjeledress jobber ved et åsted inn i et kontorlokale. Vi ser en pappeske på gulet og to sperrebånd merket politi. Det ene sperrebåndet er festet på noen stoler som står i gangen

ANGREIP MED KNIV OG BARBERBLAD: Her er krimteknikarar på Saupstad helsestasjon etter angrepet mot to tilsette.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Ho skulle heller ha vore innlagd i psykiatrien og fått hjelp der, seier Kolbjørn Lium til NRK.

Han er forsvarar til kvinna i 40-åra, som førre veke oppsøkte Saupstad helsestasjon i Trondheim.

Her skal ho ha brukt ein kniv og eit barberblad mot to tilsette.

Ein av dei vart stukne med kniv i låret. Den andre vart kutta i halsen og på hender med eit barberblad. Dette kom fram under fengslingsmøtet.

Les også Kvinne varetektsfengsles etter angrep på ansatte på helsestasjon

Krimteknikk Saupstad helsestasjon Trheim

Kvinna vart arrestert like etter det som skjedde, men ville ikkje forklare seg for politiet.
Først under fengslingsmøtet laurdag fortalde ho historia si.

Ho fortalde at ho hadde oppsøkt helsehuset fordi ho ville snakke med tilsette i barnevernet om saka si. Og at det var dei tilsette på helsehuset som hadde angripe henne med eit «reiskap».

Kvinna nektar straffskuld.

Fleire gonger under fengslingsmøtet vart ho svært oppskjørta og sint då ho kom inn på konflikten med barnevernet.

Og dette var ikkje første gong kvinna har vore til fare for menneske.

Starta brann

I mai gjekk kvinna og mannen hennar inn i resepsjonen på Nav Falkenborg i Trondheim. Med brennbar væske tende dei på to sofaer i publikumsområdet. Deretter stakk dei frå staden.

Les også Nav-ansatte evakuert etter brann – to pågrepet

En sofa har fått brannskader etter å ha blitt tent på på NAV Falkenborg i Trondheim.

På grunn av opplysningar om at paret hadde kjøpt tennvæske etter dette, frykta politiet fleire påsette brannar.

Tre timar seinare vart dei arresterte og sikta for grovt skadeverk. Dei to vart varetektsfengsla i to veker.

I rettsavgjerda står det mellom anna at dei skal ha trua med «å brenne ned sjukehuset».

En sofa har fått brannskader etter å ha blitt tent på på NAV Falkenborg i Trondheim.
Foto: Morten Andersen / NRK

Barnevernssaka vart også nemnd då:

«Opplysningane i saka tilseier at den sikta og kona hans er i ein aktiv periode med tiltakande aggressiv åtferd ovanfor offentlege styresmakter på bakgrunn av barnevernssaka. Basert på opplysningane i saka, forklaringa for den sikta og manglande erkjenning av eller forståing for alvoret i hendinga på Nav Falkenborg, meiner retten det er nærliggjande at den sikta vil halde fram med å ty til slike midlar for å bli høyrd og sett».

Retten kan bestemme at ein person kan leggjast inn på psykiatrisk institusjon i staden for å sitje i varetekt.

Vilkåret må vere at sikta då har «ein sterkt avvikande sinnstilstand», ifølgje straffeprosesslova paragraf 188. Avgjerda må også byggje på «ei eintydig sakkunnig utgreiing».

Dette fant verken tingretten eller Frostating lagmannsrett at var tilfelle.

Det var svært vanskeleg for psykiateren som møtte kvinna i fengselet for å få undersøkt sinnstilstanden hennar. Det går fram av rettsavgjerda frå lagmannsretten 31. mai.

Ho skal ha hissa seg opp, og samtalen vart avbroten etter få minutt.

Også i september skal kvinna ha utøvd vald mot ein offentleg tenesteperson.

Forsvararen: Fengsel ikkje rett stad

Kolbjørn Lium, forsvararen til kvinna, trur ikkje at fengsel er rett stad for henne.

I rettsavgjerdene frå begge straffesakene legg retten til grunn at ho får hjelp i fengselet, og etter at ho vart set fri frå varetekt i juni.

Lium seier til NRK at han ikkje er kjend med at kvinna har fått noko hjelp.

Kolbjørn Lium, advokat

Kolbjørn Lium meiner at fengsel ikkje er rett stad for kvinna han forsvarer.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Ho er no fengsla til 22. desember.

Lium opplyser at sikta har bede om å få tenkje seg om før det blir avgjort om fengslinga blir anka til lagmannsretten.

Etter dei to alvorlege hendingane er det no utnemnt to rettspsykiatrisk sakskunnige. Dei skal presentere sine vurderingar i ei framtidig rettssak mot kvinna.

Etterforskinga var i sluttfasen

NRK har stilt fleire spørsmål til politiet om kva hjelp kvinna har fått etter lauslatinga i juni og om det var rett å setje henne fri.

Kva oppfølging har kvinna fått av helsevesenet etter ho slapp ut frå varetekt 9. juni?

Spørsmålet må adresserast til helsevesenet, svarer påtaleansvarleg, Lars Lundlie.

Les også Angrep to ansatte i Trondheim – samme personer siktet for brann på Nav

En krimtekniker sitter på huk i et kontorlokale. Han er iført hvit kjeledress med hette og han bruker munnbind. På gulvet ser vi noen pappesker. I tillegg ser vi to sperrebånd merket politi

Vilkåra for å plassere henne i institusjon skulle også «kontinuerleg vurderast» ifølgje rettsavgjerda. Kva har skjedd med denne vurderinga?

Av omsyn til teieplikta kan ikkje politiet kommentere dette, utover at det er gjort vurderingar.

Hendinga på Saupstad kunne fått eit mykje meir alvorleg utfall. Kunne politi og hjelpeapparat vore tettare på og hindra at kvinna igjen sette andre i fare?

Politiet ser svært alvorleg på hendinga på Saupstad. Kvinna vart varetektsfengsla i to veker i mai etter hendinga på Nav Falkenborg, og fekk deretter meldeplikt for politiet i ein periode. Kvinna er også gitt fleire besøksforbod som gjeld både personar og offentlege institusjonar. Utover det, er det for tidleg å seie noko om den konkrete saka.

På generelt grunnlag må politi og påtalemakt alltid avvege inngrep og maktbruk etter proporsjonalitetsprinsippet i politilova.

Han viser til at kvinna er varetektsfengsla i fire veker, og at politiet skal gjere ei ny vurdering når fengslingsperioden går mot slutten.

No blir jo Falkenborg-saka ein del av den nye straffesaka om Saupstad. Men når var det regna med at det ville ha komme ein påtale viss ikkje den nye saka hadde skjedd?

Det kan vi ikkje seie noko sikkert om, anna enn at etterforskinga var i sluttfasen.