Spelet om Heilag Olav blir arrangert på Stiklestad i Verdal i Trøndelag kvar sommar. Det er det største friluftsteateret i Norden, og handlar om Olav Haraldsson som blei drepen i eit slag i 1030. Framføringa blei sett opp for første gang i 1954.
I 2021 blir det truleg ikkje noko slag på Stiklestad. Det blei foreslått på eit styremøte i dag.
Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) har slite økonomisk, og tidlegare i veka skreiv Trønder-Avisa at dei vurderte å setje Spelet på pause. Alternativet var å kutte seks årsverk for å rydde opp i økonomien. Det kostar over seks millionar å arrangere Spelet kvart år.
Treng fire millionar
Styreleiar Bente Erichsen i SNK AS fortel om forslaget styret blei einige om:
– Vi gjennomfører Spelet neste år dersom vi får eit tilskot på fire millionar. Også foreslår vi ei pause i 2021, og at det deretter blir spel annakvart år.
Bente Erichsen (styreleiar i SNK), og Anne Marit Mevassvik (direktør i SNK).
Foto: Eivind Aabakken / NRKErichsen understrekar at dette ikkje er noko endeleg avgjersle.
– Situasjonen er alvorleg. Vi har verken nok publikum eller pengar. No må vi finne gode løysingar, også skal vi snakke med Verdal kommune som er eig Spelet.
Forslaget om spel annakvart år skal leggast fram for fylkesutvalet og formannskapet.
Publikum svikta
Billettsalet til friluftsteateret har sokke meir og meir dei siste åra. I fjor var det 10.000 som såg Spelet om Heilag Olav. Det er 1000 mindre enn året før, skriv Adresseavisen.