Hopp til innhold

Oppdreg unge skode­spelarar: – Eg har jo vakse opp på Elden

Profesjonelle og amatørar speler side om side på fleire spel og utandørsteater i landet. Eit fantastisk springbrett, meiner skodespelar.

Tiril Ramberg i Røros

SKODESPELARSPIRE: Tiril Ramberg har vakse opp på musikkteateret Elden, og vel no å utdanne seg i same retning.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Eg begynte vel då eg var 6 år. Så eg har jo vakse opp på Elden.

Det seier Tiril Ramberg, som speler på utandørsteateret på Røros for 15. gong.

21-åringen utdannar seg no innan musikkteater. Og det er spelet Elden som har inspirert ho til dette.

Spelet Elden på Røros

Tiril Ramberg i rolla som Håkan Modig.

Foto: Marthe Amanda Vannebo

– Eg kosar meg sånn på scenen og har det så gøy. Eg elskar jo både song og musikk, og teater og sånn. Då får ein liksom mogelegheita til å vere kven som helst.

Men det er ikkje kven som helst ho speler i musikkteateret: Ho er den fyrste kvinna som speler soldaten Håkan Modig.

Tiril Ramberg på malmhaugane på Røros

Med berre nokre veker øving er Tiril Ramberg klar for å gå inn i rolla som Håkan Modig på Røros.

– Eit fantastisk springbrett

Ikkje berre er det amatørar som står på scena i Røros. Også erfarne skodespelarar vender stadig tilbake.

– Elden er eit fantastisk springbrett for folk som har lyst til å fortsette med teater. Det å sjå at unge, ungdom, tar steget oppover i gradene, også rollemessig, er veldig hjartevarmande å sjå.

Det seier skodespelar Snorre Ryen Tøndel.

Sjølv begynte han i utandørsteateret i 1996, heile 6 år før teaterkollega Ramberg blei fødd.

– Sidan den gong har eg spelt alle mogeleg slags roller. No får eg endeleg sitte på hest og spele general.

Og det synest den erfarne skodespelaren er stas.

Snorre Ryen Tøndel som general i musikkteateret Elden

Endeleg er det Snorre Ryen Tøndel sin tur til å spele general i musikkteateret Elden.

Foto: Marthe Amanda Vannebo

Barndomsdraum går i oppfylling

Johanna Hermann Selseth (19) speler rolla som Helga i årets utgåve av spelet på Stiklestad. Det er ein barndomsdraum som går i oppfylling.

Johanna Hermann Selseth på Stiklestad

Johanna Hermann Selseth er spent før premiere på spelet.

Foto: Rita Kleven / NRK

– Det er veldig uverkeleg. Og eg kjenner allereie at det boblar i kroppen. Ein gledas dag.

Det seier den unge skodespelarspira før premiera på spelet, som gler seg til å endeleg kome i gang.

Ho har følgt spelet frå sidelinja heile livet og for fem år sidan var ho med for fyrste gong, som gardsunge saman med broren. I år speler ho ei større rolle.

– Eg er også med å danse på alle dansane og er med i slaget som hærmann. Det går slag i slag.

– Det vanskelegaste er å hugse kvar eg skal legge alle kostyma og at det skjer masse heile tida, legg ho til.

Likevel gler ho seg til å endeleg kunne spele framfor eit publikum. Det skapar ei fantastisk stemning.

Johanna Hermann Selseth i spelet på Stiklestad

Endeleg kan Johanna svinge seg på scenen i spelet på Stiklestad.

Foto: Camerat

Oppdagar teaterverda på lokale spel

Også i kulturfestivalen Peer Gynt i Gudbrandsdalen opplev dei å vere døropnarar for unge skodespelarspirer.

Fleire av dei som startar som frivillige skodespelarar i utandørsteateret Peer Gynt på Gålå har gått vidare og utdanna seg til profesjonelle skodespelarar.

Det fortel kommunikasjonsansvarleg Rita Støstad.

– Det er mange som får sitt første møte med teater, både på og bak scena, når dei er med som frivillige på Peer Gynt på Gålå, legg Støstad til.

Ei av dei som starta karrieren si som skodespelar på Gåla er Maria Kristine Hildonen.

No er ho profesjonell skodespelar, og ho fekk i år Heddaprisen i kategorien beste kvinnelege medspelar for rolla som Nina i Døden på Oslo S.

Fra Peer Gynt på Gålå 2022.

Frå Peer Gynt på Gålå 2022. Også i år har Axel Hennie hovudrolla som Peer Gynt.

Foto: Bård Gundersen