Hopp til innhold

Meiner staten bør kreve alkolås på alle skulebussar

Erfaringar frå Sverige viser at alkoholsperre stoppar mange sjåførar frå å starte bussen. No meiner Motorførernes avholdsforbund at staten bør legge både føringar og pengar på bordet.

Alkolås i buss

BLÅS: Med ein alkolås må sjåføren vere utan promille for å få start på bussen. Det bør ein kreve av skulebussjåførar, meiner Motorførernes avholdsforbund.

Foto: Volvo Buses

– Trafikktryggleik for skulebarn bør vere den samme over heile landet. Ei fylkesgrense skal ikkje bestemme kor trygge dei er, seier redaktør i Motorførernes avholdsforbund, Hans-Erik Hansen.

Forbundet kravde alkolås på skuleskyss allereie i 2008, etter at ein sjåfør på ein skulebuss i Innherred vart stoppa med promille. No viser erfaringar frå andre land at låsen fungerer, og norske kommuner er positive.

24 ville køyre med promille

Hans-Erik Hansen i MA

FØRE VAR: Hans-Erik Hansen meiner vi ikkje kan vente på ei ulykke før vi krev alkolås i alle skulebussar.

Foto: Motorførernes avholdsforbund

I fjor vart 24 sjåførar i Storstockholms Lokaltrafik (SL) i Sverige stoppa då dei blåste for å starte bussen, skriv Tidsskriftet Samferdsel. I år innførte SL krav om alkolås i alle bussane. Dette viser at det er eit reelt behov for slik lås også i Noreg, meiner Hansen.

– Det er eit eksempel på at det skjer. Dette var til og med sjåførar som visste at dei skulle på jobb og blåse i alkolåsen, seier han.

På sikt vil forbundet difor ha alkolås på alle bilar, men dei meiner det hastar mest med skulebussane.

– Éi ulykke med barn i ein skulebuss er ei for mykje. Då vil ein plutseleg kunne bli frykteleg etterpåklok og tenkje på at ein kunne hatt ein alkolås til ti-tolv tusen i bussen til 1,5 millionar kroner.

Usikre på ansvaret

Både kommuner og fylke er positive til å kreve alkolås på skuleskyssen. Motorførernes avholdsforbund har fått TNS Gallup til å gjennomføre ei undersøking, og den viser at over halvparten av kommunene kunne tenke seg å stille eit slikt krav. Kun seks prosent svarer nei på dette spørsmålet.

Dei aller fleste kommunene viser til at det er fylkeskommunen som har ansvaret for skuleskyssen. I ei kvalitativ intervjuundersøking med fylkeskommunene kjem det samtidig fram at mange er usikre på på om det er behov for alkolås, og at fleire meiner at dette er ein nasjonalt ansvar.

Nord-Trøndelag er blant fylka som prøvar ut ordninga, medan Troms allereie har innført alkolås på all kollektivtrafikk. Oppland har innført låsen i delar av fylket, og Østfold har planar om å prøve det ut. Hansen i Motorførernes avholdsforbund synest dette er positivt, men er einig med fylkeskommunene i at staten bør ta meir ansvar.

Alkolås.

FORSIKRING: Det kostar om lag 10 000 kroner for ein alkolås. Motorførernes avholdsforbund meiner at det er ei billig forsikring.

Foto: Chris Kyllingmark / Scanpix

– Det er veldig flott at enkelte krev det i sitt område, men vi går vi inn for at dette må bli eit nasjonalt krav. Det skal ikkje vere forskjellsbehandling, seier han.

I september kom regjeringa med tjue millionar til sikring av skulebarn, gjennom nye krav om belte i alle skulebussar. Hansen meiner alkolås burde vore ein del av denne tryggleikspakken.

Vil ikkje kreve alkolås

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Lars Erik Bartnes, seier det ikkje er aktuelt å innføre krav om alkolås i alle norske bussar.

– Eg skal ikkje avvise det på sikt, men vi har ikkje innført eit slikt krav så langt, seier Bartnes.

3.000 køyretøy i Noreg har alkolås.

- Samferdselsdepartementet oppfordrar fylka til å få alkolås på skulebussane, slik enkelte har gjort. Også transportfirma har innført krav om dette, seier Bartnes.

Han seier departementet har valgt å prioritere andre tryggingstiltak, som dei meiner har endå større effekt. Det gjeld mellom anna kravet om sitteplassar og setebelter i alle skulebussar.

Avhaldsforbundet meiner fleire fylke nøler på grunn av pengemangel.

– Det går nok litt på økonomien. Difor bør det kome pengar frå staten i innføringsfasen, seier Hansen.

LES OGSÅ: Bussjåførar negative til alkolås

– Mistenker ikkje sjåførar

Hans-Erik Hansen seier at han ikkje vil mistenkeleggjere sjåførane. Han kjenner ikkje til at det har vore store ulykker med skulebussar, men meiner at vi heller ikkje kan vente til det skjer.

– Det er for seint når den store ulykka skjer. Det er snakk om tryggleiken til barna våre, og då må ingenting vere ugjort, seier Hansen.

Han viser til at både Finland og Frankrike allereie har teke dette steget, i tillegg til delar av Sverige. Han er redd for at kvar i landet eit barn bur skal bli avgjerande for tryggleiken.

– Det er ei frykteleg sak dersom ei fylkesgrense skal bety så mykje. Det kan foreldre føle på. Det handlar ikkje om at vi skal mistenkeleggjere ei yrkesgruppe, seier Hansen.

– Vi høyrer om at til dømes munnskyllevatn kan slå ut på alkolåsen. Kor sikker er eigentleg ei slik sperre?

– Då skal du i så fall skylle munnen rett før du set deg bak rattet. Forteljingar om cognac-sjokolade og munnskyllevatn som slår ut er berre myter, seier Hansen. Han legg til at utstyret sjølvsagt må vere i orden, og at det må sjekkast ein gong i året.

Promille på dagsorden

Hansen peikar også på at belte i alle bussar er langt dyrare enn alkolåsane. Medan belte er viktig dersom det skjer ei ulykke, meiner han det er minst like viktig å hindre at ulykkene skjer.

– Setebelte og sitteplassar til alle er passiv tryggleik, som verkar når noko skjer. Alkolås er døme på aktiv tryggleik, som kan forhindre at ei ulykke skjer, seier han.

Forbundet er nøgde med at bilkøyring og rus er eit tema folk er opptekne av. Dei er optimistiske til at alkoholsperre blir stadig meir aktuelt.

– For ti år sidan var dette heilt ukjent, men no ser vi både i Noreg og internasjonalt at alkolås er blitt eit daglegdags omgrep. Snøballen har begynt å rulle, avsluttar Hansen.

Alkolås i buss

TRYGG: Ein bussjåfør i Hordaland testar alkolåsen.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX