Samferdselsminister Marit Arnstad er på busstur med skulebarn i Nord-Trøndelag. Barna her er vande med å sitte med belte, og no vil statsråden sørge for at fleire fylke blir like flinke på bussikring.
Nye krav til bussane
– Belte er viktig, for viss bussen bråbremser kan vi slå hovudet, seier førsteklassingen Mats Engan, som går på Lånke skole i Stjørdal kommune.
– Det var ein flink gutunge, det er bra, ler Arnstad, og går langs radene for å rose barna for beltebruken.
Nord-Trøndelag er eitt av få fylke som allereie har belte i alle skulebussane. No vil regjeringa køyre ut ei ny forskrift og 20 millionar kroner i året, slik at resten av landet kjem etter.
– Det betyr at alle ungar som har krav på skuleskyss skal vere sikra med belte. Det vil bli gjennomført i laupet av 2013, og alle fylkeskommuner må då sørge for belte i bussane, forklarer Arnstad.
– For treige
Trygg Trafikk er likevel ikkje særleg imponerte over regjeringa. Dei synest tiltaket er for tynt og kjem for seint.
– Det vurde ha kome for mange år sidan. Vi har jobba systematisk med dette i sju år, og synest det har teke for lang tid, seier rådgivar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.
Statsråden er lettare til sinns, og meiner dei nye reglane vil bety mykje for barn i heile landet.
– No får vi det til! Det kjem til å vere eit viktig tiltak for å sikre ungar i skulebuss.
Gjeld ikkje alle
Dei nye krava gjeld likevel berre enkelte av barna. Dei som ikkje får sitteplass på bussen, eller ikkje har krav om skuleskyss, hamnar utanfor beltereglane. Fylkeskommunen treng berre å sørge for skyss for dei som bur minst fire kilometer frå skulen, og ansvaret stoppar også der.
– Ideelt sett burde vi sjølvsagt hatt eit tilbod som gjorde at alle kunne sitte, men fylkeskommunen sitt ansvar er knytt til dei som bur fire kilometer frå skulen eller meir, seier samferdselsministeren.
Det betyr at barn som bur i byen og brukar buss som framkomstmiddel, ikkje får noko hjelp frå regjeringa. Det er Trygg Trafikk kritiske til.
– Eg synest det er feil å skilje på barn i ei forskrift. Ungar er ungar, og vi vaksne må skape eit system som gjer at ungane får den samme tryggleiken uansett.