Hopp til innhold

Krav om utsetting avvist

Trondheim tingrett har avslått kravet frå advokat Abid Raja i saken der ein 44 år gamal familiefar står tiltalt for å ha drepe sonen sin på Byåsen i Trondheim.

Tiltalte
Foto: Knut Løvaas / NRK

Raja bad retten å utsette saka fordi han meiner tolken som oversette dei første avhøyra av faren har gjort feil.

Han meiner det ikkje kan knytast noko truverd til erklæringa tolken har lagt fram og at tolken har oversett avhøyret på ein måte som ikkje er forsvarleg. 

Overraska over avslaget 

At avslaget blei avvist, svekkar rettstryggleiken til 44-åringen.

- Eg er overraska over at kravet ikkje blei tatt til følgje. Dette svekkar rettsgarantitryggleiken til tiltale fordi ein ikkje legg stor nok vekt på feila tolken gjort og fordi retten vel å bruke dei sakkunnige som bevis, seier Abid Raja til NRK Trøndelag.

Avvist to gonger

Forsvararen har før rettssaken starta prøvd å få utsett behandlinga av drapstiltalen, fordi han meiner tolkefeilen i det første politiavhøyret kan ha blitt ført vidare i samtalane mellom tiltalte og dei to rettspsykiatrisk sakkunnige.

Både Trondheim tingrett og Frostating lagmannsrett har tidligare avvist dette kravet. I retten mandag gjentok Raja likevel kravet om å utsette drapssaka, men fekk også her avslag. 

- Avslaget set min klient i en umuleg situasjon. Om han ikkje forklarar seg, vil det tale imot han og om han vel å forklare seg vil han indirekte seie at dei sakkunnige er inhabile, seier Raja. 

Feil spørsmål

Det er spørsmåla til den tiltalte familiefaren som i første omgang er oversett feil og det fører til at også svara han gir blir feil, meiner Raja. 

- Dette er ikkje truverdig og då må dei også sjåast bort i frå som prov i saka.

Han meiner at det i neste omgang fører til at dei sakkunnige er inhabile.

Abid Raja og han medforsvarar vurderer no om 44-åringen i det heile tatt skal forklare seg.