Hopp til innhold

Kabinsjef dømt til fengsel etter promille: Meiner ho må ha drukke i søvne

Kabinsjefen vart tilfeldig promilletesta på jobb om bord på eit Norwegian-fly frå Trondheim. Retten trur ikkje på forklaringa hennar.

Norwegian-fly

VIN OG SUSHI: Kabinsjef feira bursdag dagen før.

Foto: Carina Johansen / NTB

Den kvinnelege kabinsjefen i Norwegian nekta derfor straffskuld då ho møtte i Inntrøndelag tingrett nyleg.

Feira faren sin bursdag dagen før

Dagen før ho skulle på jobb feira tiltalte bursdagen til far sin i Oslo.

Morgonen etter mønstra ho på morgonruta til Værnes. Før returen til Gardermoen, vart heile mannskapet plukka ut til ein tilfeldig blåsetest. To blodprøver like etter viste 0,37 i promille hos tiltalte.

Luftfartslova seier at dersom ein har meir enn 0,2 i promille er ein å sjå på som påverka.

Kabinsjefen var ikkje usamd i resultatet av blodprøva. Men sa ho kjende seg sikker på at ho ikkje hadde ulovleg promille då ho gjekk på jobb.

Under bursdagen drakk tiltalte ei halv flaske vin og åt sushi. Ho avslutta drikkinga rundt klokka 15. Dermed skulle ho vere innafor regelen om å ikkje nyte alkohol 12 timar før ho skulle fly.

Ho var sikker på at alkoholen var ute av kroppen då ho stod opp morgonen etter.

Norwegian fly på bakken i Koronatiden

FLY FRA VÆRNES: Norwegian-flyet flaug mellom Trondheim og Oslo.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Må ha drukke rosévin i søvne

Den einaste forklaringa kabinsjefen hadde på promillen var at ho måtte ha stått opp på natta og drukke rosévin. I retten forklarte ho at ho hadde gått i søvne eit par gonger før. Ho vedgjekk at ho ikkje kjende seg i topp form då ho vakna. Ho meinte det kunne skuldast diverse helseproblem og generelt press om å møte på jobb.

Inntrøndelag tingrett kallar forklaringa hennar «oppkonstruert» og skriv i domen:

Retten tar utgangspunkt i at det å drikke alkohol i søvne ikke er vanlig. Videre står man her ovenfor en relativt «målrettet» og konkret handling i sovende tilstand, der tiltalte skal ha stått opp på natta, gått og skjenket seg og drukket vin på kjøkkenet/stua (slik retten forsto det var vinen åpen fra før), for så å legge seg i sengen sin igjen.

– Åt og drakk intenst før ho skulle blåse

Politibetjenten som var til stades under blåsetesten forklarte seg i retten.

Han la merke til at tiltalte var påfallande stressa og uroleg før prøva. Ho åt og drakk intenst og stilte seg på utsida av flyet slik at politiet og besetninga ikkje skulle sjå henne. Tiltalte sa ho ville ikkje at andre skulle sjå at ho hadde problem med å blåse.

Ho blir også nervøs når politi er innblanda, sa ho.

Inntrøndelag tingrett meiner kabinsjefen burde vurdert betre om ho var påverka morgonen ho skulle på jobb.

Som kabinsjef hadde tiltalte ansvaret for sikkerheita, inkludert naudprosedyrane.

Inntrøndelag tingrett fastsette straffa til 36 dagar i fengsel.

Tiltalte har jobba i Norwegian i mange år. På grunn av denne hendinga sa ho frivillig opp i selskapet.