Hopp til innhold

Juleverkstad i fengsel enda med ny straff for innsett

Det som skulle vere eit hyggeleg tiltak, førte til at ein innsett no er dømt for å ha truga fengselssjefen i julebrev.

Politiets kopi av "julekortet" til fengselsdirektøren

JULEBREV: Ein innsett skreiv dette brevet til fengselsleiaren. På originalen var det festa eit raudt klistremerke i form av eit hjarte.

Foto: Politiet

8. desember i fjor var det juleverkstad i Trondheim fengsel. Då kunne dei innsette skrive helsingar til vener og kjende før juleroa seinka seg.

Ba fengselssjefen om å henge seg

Ein innsett i byrjinga av 20-åra valde å skrive nokre ord til leiaren i Trondheim fengsel, Egil Gabrielsen. På julepapir og med innleiinga: «Kjære Gabrielsen» bad den innsette om at fengselssjefen måtte henge seg.

Mannen skreiv også at han var ferdig å sone til påska – og at han då skulle kome og «ta» Gabrielsen.

På brevet klistra også fangen på eit raudt hjarte.

Andre innsette meinte det var ein dårleg idé å sende brevet, ifølge domen frå Trøndelag tingrett. Der vitna også ein fengselsbetjent som frårådde tiltalte å sende brevet. Men han heldt fast ved at julehelsinga skulle leverast og gjekk til vaktrommet for å levere det.

Protest mot soningsforholda

Tiltalte sa i retten at brevet var ein protest mot soningsforholda for alle på avdelinga i fengselet. Han var også misnøgd med at han ikkje hadde fått personleg hjelp for eit mindre helseproblem.

Den innsette hadde aldri hatt kontakt med fengselsleiaren. Brevet skulle få Gabrielsen til å skjøne at soningsforholda ikkje var slik dei burde vere, forklarte mannen.

Brevet nådde aldri fram fordi det vart stoppa av personale i fengselet.

Trondheim fengsel
Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK

Sona for vald og trugsmål

Julebrevskrivaren vart dømd for brot på straffelova 155 og 263 som gjeld påverknad av offentlege tenestepersonar og som kan framkalle alvorleg frykt hos desse.

Forsvarar påpeika at innhaldet i brevet var av generell karakter og at fengselssjefen ikkje vart beden om å gjere noko spesielt.

Tingretten meiner fleire forhold tilseier at tiltalte skal dømast for begge paragrafane:

Tiltalte skreiv under med sitt eige namn og at han skulle «ta» fengselssjefen når soninga var over til påske.

Dette kunne vere eigna til å påverke leiaren i fengselet til å endre soningsforholda for tiltalte, meiner retten.

Mannen sona ein dom på eitt års fengsel for vald og trugsmål, då hendinga på juleverkstaden fann stad.

Fleirtalet i retten dømde han til 21 dagar fengsel utan vilkår- mens mindretalet gjekk for 15 dagar.

Trugsmål og vald mot fengselstilsette aukar

Leiaren ved Trondheim fengsel seier han fekk ein munnleg beskjed om brevet som var vorte konfiskert. Bortsett frå det, har han ikkje hatt noko med saka å gjere og vil ikkje seie noko om den eller domen.

– Det er fengselsbetjentane som får dei aller fleste trugsmåla, her, som i andre fengsel, seier Egil Gabrielsen til NRK.

Trondheim fengsel er eit høgsikkerheitsfengsel der mange sit på lange domar. Det fører også med seg problem med innsette som utagerer både fysisk og med munnbruk.

Trugsmål og vald mot betjentar har auka i norske fengsel.

Les også Grovere trusler og grupperinger bak murene: – Situasjonen er bekymringsfull

Ronny Nilsen