Hopp til innhold

Store bussproblem: – Veldig uheldig at folk kan gå glipp av viktige avtalar

Berre den siste veka har over 1000 bussavgangar i Trondheim vorte innstilte. Sjukefråvær, mangel på sjåførar og uvêr er nokre av årsakene som har ført til eit manglande kollektivtilbod.

Busser AtB

INNSTILTE BUSSAR: Fleire har stått ventande på seine og innstilte bussar dei siste vekene.

Foto: Morten Andersen / NRK

Dei siste vekene har Trondheims busstilbod vore ustabilt. Fleire har opplevd ekstremt sene bussar i tillegg til innstilte avgangar.

Sjølv om rundt 97 prosent av bussavgangane i Trondheim har gått som normalt den siste veka, har over 1000 av dei vorte innstilte.

Med snøvêr og minusgrader er Beate Blom ein av dei som ventar på bussen i Prinsenkrysset.

– Eg kom ti minutt for seint til ein tannlegetime denne veka, det var så vidt at eg fekk komme inn, seier ho.

Beate Blom

Beate Blom har ved fleire høve venta på bussar som er seine eller ikkje dukkar opp i det heile.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det var kaldt og surt å stå ute utan vite om du kjem deg av garde i det heile.

Buss-kaoset gjer kvardagen usikker for dei som er avhengig av å reise kollektivt.

– Trondheim har lagt mykje pengar i å byggje ut bussystemet, så det hadde vore fint om det faktisk fungerte, seier ho.

Viktig å samarbeide med leverandørane

Harald Storrønning er direktør i tilbodsutvikling i AtB.

– Etter sommarferien fekk vi ein del innstilte avgangar fordi organisasjonane er sliten rett og slett, seier han.

Dei siste vekene har innstillingane eskalert. Torsdag 15. desember var 71 avgangar innstilte.

Harald Storrønning er direktør i tilbudsutvikling i AtB.

Harald Storrønning er direktør i tilbodsutvikling i AtB.

Foto: Hannah Solberg-Wåtland / NRK

– Dette må vi løyse gjennom dei ansvarlege og finne løysingar saman med operatørane. Berre slik kan vi få ei langsiktig løysing.

Han påpeikar at dei jobbar for å spreie byrda mest mogleg, slik at det ikkje er dei same linjene som får fleire innstilte avgangar på same tid.

– Vi vil levere eit best mogleg tilbod innanfor det som er mogleg, seier han.

– Vi har eit godt forhold til og ein god dialog med dei som leverer, både Vy buss og Tide buss. Vi ser at dei også har ei utfordring.

Les også Stoppa barnekor i buss med øydelagde bremser og brannfarleg motor

Buss med fleire varsellamper

Han forklarer at dei har behov for fleire tilsette i tida framover.

– Vi må rekruttere i bransjen. I løpet av 2023 kjem vi til å setje i gang eit program saman med desse der vi går djupare inn i å sjå på kva vi kan gjere saman for å få rekruttere til sjåføryrket.

Tar buss tidlegare på morgonen

Kristine Bø Andersen er student og er avhengig av kollektivtransport for å komme seg til skulen og rundt om i byen.

– Det er vanskeleg å vite når ein kjem seg av garde for å rekke skulen.

Dei innstilte og for seine bussane har medført at Andersen fleire gonger har komme for seint til forelesingar.

– No har eg hadde eksamen, og då har eg måtta berekne å ta ein buss som går ein halvtime tidlegare enn eg pleier, seier ho.

Kristine Bø Andersen

Kristine Bø Andersen vel å ta ein tidlegare buss enn ho treng, i tilfelle innstillingar.

Foto: Morten Andersen / NRK

Håpar fleire vil velje bussyrket i framtida

Øyvind Lund Børresen er områdeleiar i tide buss Trondheim og peikar på fleire årsaker til buss-kaos i byen.

– Vi har hatt ekstra utfordringar dei siste vekene sidan vinteren kom, både med vedlikehald på vegane og med sjukdom hos sjåførane.

Øyvind Lund Børresen

Øyvind Lund Børresen er områdeleiar i tide buss Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Høgt fråvær blant dei tilsette gjer at Børresen også håpar på meir rekruttering i yrket.

– Vi har behov for folk. Det er tilgang i Trondheims-marknaden, men det tek tid å lære opp gode sjåførar.

For å tiltrekkje søkjarar har dei sett i gang ulike tiltak.

Tide jobbar for å levere eit betre kollektivtilbod til innbyggjarane i Trondheim.

– Det er veldig uheldig at folk kan gå glipp av viktige avtalar på grunn av innstilte bussar. Alle vi som jobbar Tide går på jobb for å frakte folk dit dei skal til tida. Når vi ikkje får til det, så beklagar eg.

Les også Førarlaus buss skal ut i bytrafikk: – Me er først i Europa

Autonom buss i Stavanger