Hopp til innhold

Stoppa barnekor i buss med øydelagde bremser og brannfarleg motor

Turbussen med om lag 30 barn under 15 år om bord hadde ei rekke alvorlege feil då den vart stoppa i rutinekontroll.

Buss med fleire varsellamper

VARSELLAMPER: Dashbordet indikerte at mykje var feil på turbussen som skulle frakta barnekoret frå Vestlandet til Austlandet.

Foto: Statens vegvesen

Barnekoret frå Austlandet var på veg frå Bergen til Asker då bussen deira søndag kveld vart stoppa i ein rutinekontroll på E16 ved Håbakken i Lærdal.

– Dette var eit veldig trafikkfarleg og brannfarleg køyretøy. Slike køyretøy vil me ikkje ha i trafikken.

Det seier overingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen, som var ein av to kontrollørar på staden.

Å frakta folk, og spesielt ungar som me er så glade i, er forferdeleg synd viss det skulle skje noko, seier Bang.

– Meir og meir feil

Han fortel at kontrolløren som undersøkte bussen først, straks såg at drivakselen var skeiv.

– Derfor bestemte han seg for å gjennomføra ein full kontroll av bussen, og då fann me meir og meir feil.

Ifølge Bang var det om lag 30 personar i bussen: Dei fleste var barn opp til 15-årsalderen, med tre vaksne leiarar.

Bussen vart pålagt bruksforbod på grunn av så alvorlege tekniske manglar at han berre fekk køyrast forsiktig til næraste verkstad i Lærdal for utbetring.

Sprukket bremseskive på buss

SPREKK: Ei av bremseskivene på bussen.

Foto: Statens vegvesen

Feil etter feil

Statens vegvesen er ikkje nådig når dei reknar opp feila på den norske turbussen.

Kjøretøyet var trafikkfarleg, og skal ikkje vera på vegen.

Kontrollrapport frå Statens vegvesen
  • Bussen hadde mellom anna ein gjennomgåande sprekk i ei bremseskive på forakselen.
  • Drivakselen var losna og hadde forskyvd seg over mot venstre. Årsaka var at innfestingsstag til akselen hadde losna.
  • Dette førte igjen til gnag på ei luftpute som var skadd, og lett kunne sprokke.
  • ABS-lampen på dashbordet indikerte at det var feil med ABS-bremser.
  • Motoren hadde store oljelekkasjar, noko som gjer dette til et brannfarleg køyretøy.

Her har me ein kombinasjon av forferdeleg mange uheldige ting.

Overingeniør Torgeir Bang

Bang seier at sprekte bremseskiver, særleg på framaksling, er kritisk.

Viss dei ryk under ei hard nedbremsing, vil det påverka køyreeigenskapane enormt. Bussen kan mista styringa, seier Bang.

Bussen kunne også ha hamna i grøfta fordi den skeive drivakslinga gjorde at luftputa som er fjøringssystemet på akslinga låg og gnog inntil ein jernkant.

I tillegg var motoren innsausa i olje. Det gir stor brannfare. Får me ein brann, vil det brenna veldig godt, seier han.

Han viser mellom anna til dei tre tidlegare brannane i Gudvangatunnelen på E16 gjennom Aurland.

Me har jo dei alvorlege tunnelbrannane i Gudvangen friskt i minne.

Torgeir Bang i Statens vegvesen

Ut frå det me veit om dei brannane, kan oljelekkasjar ha vore årsak. Når me ser ein buss som ser slik ut som denne på søndag, blir me skremde. Dette er så langt frå trafikksikkert som det kan bli, og kan utvikla seg til ein forferdeleg uheldig situasjon, seier Bang.

Oljelekkasje på buss

BRANNFARLEG: Bussen hadde store oljelekkasjar.

Foto: Statens vegvesen

Forskrekka barn

Dei unge passasjerane måtte fraktast vidare med ein annan buss.

Det kom ein buss frå Hemsedal og henta dei etter vel to timar. Borna heldt humøret oppe, leika og tok dette fint. Men dei var jo litt forskrekka over at bussen ikkje fekk køyra vidare. Me kunne ikkje informera borna om dei tekniske feila, men dei forstod jo at noko var gale med bussen.

Kontakt meg gjerne viss du veit noko om denne bussturen eller firmaet.

Bang opplyser at den trafikkfarlege bussen tilhøyrer eit lite, norsk firma som berre har to bussar.

Funna på bussen var så ille at føraren ikkje får køyra vidare før køyretøyet har vore på verkstad, seier han.

– Kva forklarte sjåføren?

Han var kjend med ein del av feila, for varsellampane på dashbordet fortel at her er det ting som ikkje er i orden. Sjåføren seier han har fått beskjed om å køyra.

Det er jo ofte ein sjef som ber sjåføren køyra, men uansett burde sjåføren reagert.

overingeniør Torgeir Bang

Gamle, uoppdaga feil

Bussen har nyleg vore på EU-kontroll.

Store delar av det me fann burde vore avdekka på EU-kontroll. Nokre av feila ser gamle ut, seier Bang.

No vil han be vegvesenets tilsynseining følga opp saka mot denne verkstaden.

Viss verkstaden ikkje gjer ein god nok jobb, må me finna ut kvifor, seier Bang.

Han trur ikkje koret som leigde bussen kan klandrast.

Koret har vel hyra denne bussen i god tru. Per i dag finst det ikkje noko system som gir kundar høve til å risikovurdera transportselskapa. Det er vanskeleg å gardera seg mot at det kan vera feil og manglar på bussen dei leiger, seier han.