Hopp til innhold

Førarlaus buss skal ut i bytrafikk: – Me er først i Europa

Nå skal denne sjølvkøyrande doningen ut i Stavanger-trafikken.

Nyheitene om førarlause bussar har vore mange opp gjennom åra.

Likevel har du kanskje ikkje heilt fått framtidskjensla av å sitja i ein saktegåande minibuss på eit aude vegstrekk i ein eller annan norsk by.

Men denne nyheita er noko heilt anna, forsikrar Grethe Skundberg, prosjektansvarleg i mobilitetsselskapet Kolumbus.

– Dette blir første gong i Europa ein autonom stor buss blir testa ut i open bytrafikk, og blir integrert med annan kollektivtilbod i byen. Det er ein milepæl, seier Skundberg.

Her er ein demonstrasjon over korleis bussen reagerer når ein person plutseleg går over vegen.

I fjor fekk Spania ein sjølvkøyrande stor buss i drift, noko som blei omtalt i Teknisk Ukeblad, men denne går ifølgje Skundberg ikkje integrert i ordinær kollektivtrafikk.

Plass til 50 passasjerar

Bussen er 8,3 meter lang, har plass til 50 passasjerar, rekkevidd på 300 kilometer og er produsert av Karsan i samarbeid med BMW.

Grethe Skundberg

Grethe Skundberg er prosjektleiar i Kolumbus. Ho meiner prosjektet er ein milepæl.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Teknologien til bussen skal også liggja eit godt hestehovud framføre andre førarlause bussar du har sett i andre norske byar.

Så bør også teknologien vera god.

Spesielt med tanke på at bussen skal ut i rundkøyringar fulle av Rogaland-bilistar. Bilistar som har eit rykte på seg for å ikkje vera spesielt opptekne av å blenka seg ut av rundkøyringane.

Her ser bussjåføren på medan bussen køyrer

Her ser Vy-bussjåfør Oddbjørn Hetland på medan bussen køyrer av seg sjølv.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Registrerer 20 gonger i sekundet

– Korleis vil denne bussen oppføra seg når det plutseleg oppstår uventa hendingar i trafikken?

– Då vil han bremsa. Sensorikken er veldig avansert på denne bussen. Sensorane kartlegg rørslene til objekta rundt bussen 20 gonger i sekundet. Derfor kan han køyra tryggare og raskare gjennom traseen enn andre bussar me har sett tidlegare, seier Skundberg.

Eit relevant spørsmål vil likevel vera om passasjerar er klar for å setja seg inn i ein stor buss utan førar.

På eit busstopp i Stavanger treff NRK på Ida Berger som er litt skeptisk.

Ida Berger

– Det kan hende at det hadde tatt litt tid før eg ville tatt ein slik buss, men etter kvart ville det nok gått fint, seier Ida Berger.

Mathias Engseth

Mathias Engseth ser ingen problemer med å setja seg inn i ein sjølvkøyrande buss.

Kristine Hoel Knutsen

Kristiane Hoel Knutsen synest det både er kult og framtidsretta at det kjem ein førarlaus stor buss ut i trafikken i Stavanger.

Likevel seier ho at ho stoler på at teknologien er trygg når bussen er godkjent.

Sjølvkøyrande bilar og bussar er jo framtida. Derfor ser eg personleg ingen problem, men ulempa er jo at bussjåførar mister jobben, seier Mathias Engseth, som nett har gått av ein normal buss.

Bussjåfør på sentral

Akkurat nå er Vegdirektoratet i gang med å gi dei nødvendige godkjenningane til Vy og Kolumbus, som samarbeider om prosjektet.

Vi er svært glade for moglegheita til å teste ut denne banebrytande bussen, seier Ole Engebret Haugen, konserndirektør i Vy Buss.

Det er framleis ikkje lovleg å sleppa bussen ut i trafikken utan ein sikkerheitssjåfør. Han skal i utgangspunktet ikkje gjera noko anna enn å observera at alt går fint, men bussen har ratt og pedalar og moglegheit for manuell køyring.

Autonom buss i Stavanger

På ein såkalla autonomskala utvikla av Society of Automotive Engineers, ligg bussen på nivå fire av fem.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Likevel er Skundberg tydeleg på kva målet er.

På sikt vil også sikkerheitssjåføren flyttast frå bussen til driftssentralen, med ansvar for overvaking av fleire bussar samstundes, seier ho.

Ho legg til at det ikkje eit mål at bussjåførar skal mista jobben, men at dei kan få ein meir spanande jobb.

Planen er at bussen skal sleppast laust i trafikken i april. Då skal han vera ferdig kalibrert.

Flere nyheter fra Rogaland